Forlagsredaktør
Redaktør for norsk og omsett skjønnlitteratur for vaksne
Redaktør for norsk og omsett skjønnlitteratur for vaksne
Hva er det beste med jobben din?
Å utvikle gode manus saman med fantastisk dyktige forfattarar, ikkje minst debutantar, og å oppdage gode utanlandske bøker og kunne gi dei ut på norsk.
Hvordan var veien til denne jobben etter studiene?
Lærerik og full av omvegar med utfordrande, spennande og tidvis frustrerande erfaringar. Har vore innom mange ulike jobbar (vikariat, engasjement, frilansoppdrag) i bokhandel, forlag, avis og tidsskrift, som journalist, omsetjar og kritikar med meire før eg landa i forlagsbransjen.
Hvordan bruker du kompetansen fra studiene i jobben din?
Eg jobbar med språk og litteratur, tekst og bøker kvar dag - som er akkurat det ein driv med på studia i tysk og litteratur - og omsetjing.
Hadde du verv eller deltidsjobb i studietiden som er relevant for jobben din i dag, eller som bidro til at du fikk jobb etter studiene?
Ja! Eg var engasjert i tidsskriftsarbeid og fagutval, og var med på arrangere både litteraturfestival og -arrangement. Eg jobba også deltid ved universitetsbiblioteket, seinare i bokhandel, og frilans som kritikar, omsetjar, korrekturlesar, språkvaskar og manuskonsulent og starta etter kvart eit tidsskrift for omsett litteratur.
Dine beste jobb- og karrieretips til de som studerer i dag:
Engasjer deg i relevante verv/redaksjonar/utval ved sidan av studia, bli kjent med folk du kan ha fagleg mykje til felles med. Prøv å finne relevant deltidsarbeid, alle monnar drar. Mas, ver synleg og ikkje gi opp når du søker jobb - det kan ta litt tid! Og ikkje tenk at du skal ha drøymejobben med ein gong - ver open og grip sjansane