Hvordan er det å studere spansk på NTNU?
Tove Havnen Hansen
Tove Havnen Hansen
Lektor samfunnsfag med spansk som fag 2 og nordisk som fag 3
Hvorfor valgte du NTNU og spansk?
Fordi det har rykte for å vere eit godt universitet, båe akademisk og sosialt. Eg ønskja også å flytte til Trondheim fordi studentmiljøet er utruleg bra, og det er alltid noko nytt å finne på. NTNU er også eit namn som ser veldig bra ut på ein CV!
Eg var på utveksling på vidaregåande i Spania, og hadde eit stort ønskje om å bli bedre i spansk. I tillegg interesserar eg meg båe for litteratur og gramatikk, og alt dette lærar ein om i løpet av studiet. Det var mykje positive tilbakemeldingar frå dei som hadde studert det før, så eg tok sjansen.
Hvordan er det å være student?
Miljøet på spanskstudiet er veldig bra. Det er relativt små grupper i forhold til andre studie, noko som gjer at ein blir godt kjend med dei ein går med. Vi vart satt i kollokviegrupper tidleg, noko som gjorde at eg vart kjend med andre som hadde like lyst til å lære og forbedre spansken sin. I tillegg kan ein vere aktiv som frivillig i linjeforeininga Babel, og der bli kjend med andre som studerar framandspråk på Dragvoll.
Hvordan er studiehverdagen din?
No går eg lektor i samfunnsfag, men er også læringsassistent i to spansk-emne. Dette gir meg fulle dagar, som oftast er eg på Dragvoll og les, eller er i forelesninger eller seminar. Interessa mi for spansk har gjort at eg fortsatt er i dialog med spansk-forelesarane, og har fått mange moglegheiter til å bli med på foredrag og andre spennande arrangement innanfor spansk-miljøet. Som læringsassistent får eg moglegheita til å fortsette å utvikle meg i spansk, i tillegg til at det er relevant erfaring for lektorstudiet.
Hvordan er fritiden din som student ?
Eg dansar salsa fleire gongar i veka, der eg får møtt mange nye folk. Det er også ei fin moglegheit til å praktisere spansk med spansktalande! I tillegg likar eg å trene, lese og vere med venar. Trondheim er ein fantastisk studentby, så det er alltid eit arrangement du kan fare på. Eg er også frivillig i ein utvekslingsorganisasjon, der eg er i kontakt med ungdommar frå heile verda.
Har du vært eller skal du på utveksling i løpet av studiet?
Eg var på utveksling på vidaregåande til Santiago de Compostela, men har ikkje hatt moglegheita til å reise på utveksling på universitetsnivå enno. Om nokre år håpar eg på å ta eit semester eller to i eit spansktalande land igjen. Spanskstudie tilbyr også studietur til Santiago de Compostela, som eg ikkje fekk reist på grunna Covid. Dette er ei fantastisk moglegheit til å praktisere språket og faktisk leve det spanske livet i ein månad!