34512 HYDROLOGI GK Hydrologi, grunnkurs Hydrology, basic course Faglærer: Førsteamanuensis John Tveit Uketimer: Høst: 3F + 1Øu + 1Øs + 1D = 9Bt Tid: Høst: F on 10-11 VA340 Ø on 11-12 VA340 to 08-10 VA340 Eksamen: 1.desember Hjelpemidler: B2 Øvinger: O Karakter: TE
Mål: Faget tek sikte på å gje studentane grunnleggjande forståing av korleis vatnet førekjem i naturen, med kvantifisering og med innføring i hydrologiske berekningar.
Forutsetning: Byggjer på elementære kunnskaper i matematikk, statistikk, fysikk og kjemi. Det baserer seg på eit visst kjennskap til hydrologi slik denne blir presentert i fag 34511 Hydroteknikk GK.
Innhold: Orientering om klima. Innføring i observasjonsmetodikk og i bruk av grunnleggjande observasjonsmateriale for å finna tilgang på vatn, berekna vilkåra for å regulera og utnytta vassførekomstene, og ta vare på vassressursar.
Undervisningsform: Forelesingar, kombinerte med små teori og rekneøvingar. Nokre øvingsoppgåver kan studentane arbeida vidare med sjølvstendig. Eit miniprosjektarbeide i gruppe er obligatorisk. Ekskursjonar.
Kursmateriell: John Tveit: Ingeniørhydrologi 1994.
Ei amerikansk støttebok til utfylling og eventuell vidareføring:
V.T. Chow, D.R. Maidment og L.W. Mays: Applied Hydrology, McGraw-Hill
1988.