24032     FORMASSJONSEVAL 1
          Formasjonsevaluering 1, innsamling og tolking av brønndata
          Formation evaluation 1, well data acquisition and interpretation
Faglærer: Amanuensis Helge Langeland
Uketimer: Høst: 3F + 1Øu + 1Øs + 2D =  10Bt
Tid:      Høst:  F   on  13-15  P1                          Ø   fr  15-16 P1
                     fr  14-15  P1
Eksamen:  3.desember           Hjelpemidler: B1            Øvinger: O    Karakter: TE

Mål: Gje ei vidare fordjupning og forståelse av data frå borehol, målemetodar brukte i borehol, kva informasjonspotensiale desse har og bruk av slike data i integrert evaluering av reservoareigenskapar.

Forutsetning: Faget byggjer på fag 24020 Boreholslogging eller tilsvarande kunnskapar.

Innhold: Kurset fokuserer på utvalde emne om metodar for innsamling og tolking av brønndata: Grunnleggande petrofysiske synspunkt og relasjonar. Kvalitetskontroll av data. Radiometriske metodar i opne og fora borehol: Spektrometri - naturleg og indusert, nøytron levetidsmålingar (vassmetning bak foringsrøret). Elektrisk og akustiske bilete av boreholsveggen. Måling under boring, MWD - logging i og tolking av loggar frå horisontale brønnar. Opptak og analyse av borekjerner - feilkjelder ved slike data. Vassmetningsmodellar i skifrige formasjonar. Datamaskintolking av brønndata. Studentane skal i kurset skrive og presentere ein rapport om eit emne basert på eigne studium av litteratur og/eller data.

Undervisningsform: Forelesning, obligatoriske øvingar og bearbeiding av data ved hjelp av programvare for tolking av brønndata. Semesterprosjekt. Undervisninga foregår på engelsk dersom masterstudentar velger faget.

Kursmateriell: Blir opplyst ved kursets start.