Opplev Gjøvik

Opplev Gjøvik

– Studiebyen med kort veg til alt

Intro - Gjøvik

Gjøvik er ein av dei største byane i Innlandet, med 30 000 innbyggjarar. Han er likevel akkurat passeleg stor, med gangavstand til det meste. Gjøvik ligg ved vakre Mjøsa, med kort veg frå Oslo, og er kjend for det rike musikk-, kultur- og friluftslivet sitt.

Opplev Gjøvik – Cards

Studentar spelar volleyball ved badeanlegget Fastland midt i byen.

Friluftsliv

Gjøvik og området ikring er ideelt for friluftsliv og naturopplevingar.

  • Milevis med turstiar og sykkelløyper
  • Om vinteren startar skiløypene rett utenfor døra
  • Hafjell og Kvitfjell berre ein busstur unna, for deg som likar alpint
  • Badeanlegget Fastland ligg i midt i byen
  • På BUA kan du låne gratis friluftsutstyr
  • I Mjøsa kan du ta deg ein forfriskande dukkert eller bruke den flotte bybadstua
Konsertmiljø med publikum

Kultur og uteliv

Gjøvik er ein aktiv kulturby der musikk og teater står sterkt.

  • Kommunen arrangerer Bylivsdagane ved studiestart, med mål om å vise nye studentar kva Gjøvik har å by på.
  • Fredvikafestivalen er Gjøviks svar på ØYA-festivalen og blir arrangert kvart år i vasskanten ved Mjøsa. 
  • Gjøvik kino og scene har eit rikhaldig program med konsertar, teaterframsyningar, stand-up og show.
  • Fleire restaurantar i byen tilbyr også konsertar og arrangement, alt frå pubquiz til afternoon tea.
  • HUSET Gjøvik er studentane sin eigen møteplass på campus, og her skjer det noko kvar veke, alt frå quiz og bingo til temafestar og konsertar.
En gutt klatrer i en klatrevegg.

Idrett

Idrett har ein viktig plass i Gjøvik.

  • Gjøvik Olympiske Fjellhall har arrangement innan alt frå ballett, klatring og konsertar, til internasjonale arrangement innan sport
  • Vind idrettspark er ein moderne idrettsarena med milelange skiløyper og turstiar
  • Fleire av studentidrettslaga har treningar her, i tillegg til dei mange andre idrettsanlegga som finst i byen, både utandørs og innandørs
To smilende gutter i klasserom

Samarbeid med næringsliv

Gjøvik kommune satsar på næringsutvikling og samarbeider tett med NTNU i Gjøvik.

  • Ei rekkje lokale bedrifter driv industri både på nasjonalt og internasjonalt nivå
  • Gjøvik kommune legg til rette for samarbeid gjennom bachelor- og masteroppgåver, praksisplassar for studentar
  • Fleire av studiane våre utviklar nye løysingar i samarbeid med disse
Tre studenter sitter i rød sofa og hun i midten smiler til kamera

Campus

På campus finn du det du treng i ein studiekvardag.

  • Bibliotek
  • Bokhandel
  • Studentsamskipnaden med blant anna helse- og rådgjevningstenester
  • Treningssenter
  • Studenttorget
  • Kantine 
  • Og ikkje minst, ein kaffibar
  • Undervisninga skjer i moderne auditorium og laboratorium
  • Du har tilgang på lesesalplassar, grupperom og datasaler, døgnet rundt
  • I laboratoria kan du utforske, eksperimentere, måle, teste og skape