Conferences as a learning arena in a pedagogical course

Authors

  • Oddfrid Førland bioCEED Centre for Excellence in Biology Education, University of Bergen
  • Roy Andersson SFU bioCEED, University of Bergen

DOI:

https://doi.org/10.5324/njsteme.v5i1.3930

Abstract

Vi presenterer ein metode for å engasjere undervisarar i SoTL (Scholarship of Teaching and Learning) der undervisingsutvikling i eigen praksis vert delt gjennom deltaking på læringskonferansar. Utviklingsarbeidet blir gjort i ramma av eit pedagogisk kurs, der deltakarane gjennomfører gruppebaserte SoTL-prosjekt meiningsfulle for deira kontekst og praksis. Som del av kurset vert arbeidet sendt inn som bidrag til ein kollegavurdert læringskonferanse. Kursdesignet med kollegiale grupper og prosjekt i eigen kontekst sikrar ei viktig lokal forankring av SoTL-arbeidet. Konferansedeltaking som kursaktivitet tilfører ein ekstra dimensjon og en arena for læring og deling. Undervisarane utset arbeidet sitt for kritisk gransking og formidling i eit større miljø, og slik blir utviklingsarbeidet relevant og ekte – og ikkje berre ei oppgåve i eit kurs. Vi finn at deltakarane hadde stort utbytte av å presentere på læringskonferansar, og opplevde at konferansedeltaking gav meirverdi til kurset. Å presentere for eit interessert og kunnskapsrikt publikum var inspirerande og meiningsfullt, men undervisarane kjende òg på usikkerheit om kvalitet og kunnskapsnivå. Førebuande kursaktivitetar bidrog til å styrke sjølvtillit og kvalitet, og førebygge usikkerheit. Konferanse som kursaktivitet er krevjande for både deltakarar og kursleiar. Andre potensielle utfordringar er t.d. høgare terskel for å delta, risiko for refuserte bidrag, auka arbeidsmengde, kostnad og tidsbruk.

Downloads

Download data is not yet available.

Downloads

Published

2021-02-24

Issue

Section

MNT Konferansen - Conference submissions