Faktorar som påverkar kvaliteten på digital undervisning

Forfattere

  • Marcin Fojcik Høgskulen på Vestlandet
  • Martyna Katarzyna Fojcik Høgskulen i Volda

DOI:

https://doi.org/10.5324/njsteme.v5i1.3944

Resumé

Digitalisering av undervisningssektoren har fått mykje oppmerksemd dei siste månadane etter at samfunnet blei stengt. På grunn av smittevernreglar som avgrensar mogelegheita til fysisk undervisning, må utdanningsinstitusjonane tilpasse undervisninga til romkapasiteten, talet på studentar og ressursbruk til lærarane. Det medfører utfordringar for både studentar, lærarar og administrasjonen.

Dette konferansebidraget skal presentere resultat (erfaringar og refleksjonar) sett gjennom fire perspektiv: pedagogisk, sosial, økonomisk og økologisk. Kva slags digital undervisningsform trivst studentane best med? Kva gir størst læringsutbytte? Korleis blir det sosiale framheva gjennom undervisninga? Er studentane motiverte ved å sjå på ein skjerm? Kor mykje kostar utstyr som trengst til å førebu og gjennomføre digital undervisning? Kva er kostnaden på miljøet for å legge til rette for digital undervisning?

Studien presenterer ei samling av desse fire perspektiv og drøfter om å drive digitale undervisningsformer. Både med tanke på den økonomiske kostnaden til institusjonane og kvar student, med den pedagogiske, sosiale og økologiske kostanden. Det er ein samla vurdering av pengar, tid, ny kunnskap og energi som kan gi eit fullstendig bilete av kor mykje det eigentleg kostar med digital undervisning. Kan vi forbetre undervisningskvalitet med avgrensande resursar?

Downloads

Download-data er endnu ikke tilgængelig.

Downloads

Publiceret

2021-02-24

Nummer

Sektion

MNT Konferansen - Conference submissions