Den tause kunnskapen i IT-studia

Authors

  • Hans Georg Schaathun

Abstract

Michael Polanyi er kjend for omgrepet taus kunnskap. Han viste at me ofte veit meir enn me kan fortelja. Dette ser me tydleg i profesjonsstudia. Studentane treng ein praktisk kompetanse som førelesarane slit med å setja ord på. Denne artikkelen oppsummerer litt av det som har vore skrive om kva taus kunnskap er, kvifor han er taus og korleis han vert formidla. Me argumenterer for at det er den tause kunnskapen som skil menneske frå maskin og dermed er det som studentane våre treng i ein kvar jobb som ikkje snart vert robotisert.

Downloads

Download data is not yet available.

Published

2019-11-18

Issue

Section

Undervising og Didaktikk i IT-faga