Om å kartleggja mørk materie med maskinlæring
Keywords:
gravitasjonslinsing, maskinlæring, rouletteformalisme, mørk materie, simuleringAbstract
Gravitasjonslinsing er fenomenet der ljos frå fjerne himmellegeme vert avbøygd av tyngdekraften frå andre himmellegeme, som ofte ikkje er fullt synlege fordi mykje av massen er mørk materie. Observert gjennom ei gravitasjonslinse, framstår fjerne gallaksar som forvrengde. Der er mykje forskingsaktivitet som freistar å karleggja mørk materie ved å studera linseeffektar, men dei matematiske modellane er kompliserte og utrekningane krev i dag mykje manuelt arbeide som er svært tidkrevjande. I denne artikkelen drøftar me korleis me kan kombinera rouletteformalismen åt Chris Clarkson med maskinlæring for automatisk, lokal estimering av linsepotentialet i sterke linser, og me presenterer eit rammeverk med programvare i open kjeldekode for å generera datasett og validera resultat.
Downloads
Downloads
Published
How to Cite
Issue
Section
License
Copyright (c) 2023 Norsk IKT-konferanse for forskning og utdanning

This work is licensed under a Creative Commons Attribution 4.0 International License.