Maskinlæring og studentlæring

Authors

  • Hans Georg Schaathun NTNU - Noregs Teknisk-Naturvitskaplege Universitet

Abstract

Universitetet og utdanningsprogramma må alltid endra seg etter kvart som verda rundt endrar seg. Rollene i arbeidsmarknaden endrar seg som fylgje av ny teknologi. Kompetansen som studentane treng for å fylla desse rollene er difor ikkje den same som i forrige generasjon. Eit av trendorda er 21st Century Skills. Sjølv om dette ikkje er heilt veldefinert er der ein tydeleg og sentral eigenskap. Dette er kompetanse som maskinene ikkje vil klara å overta. For å granska kva som ligg i dette i praksis, vil denne artikkelen samanlikna maskinlæring med studentlæring, både med tanke på korleis dei lærer og kva dei kan læra.

Downloads

Download data is not yet available.

Downloads

Published

2022-12-02