Matematikk er eit pratefag og andre røynsler frå eit omvendt klasserom

Authors

  • Hans Georg Schaathun Høgskolen i Ålesund

Keywords:

omvendt klasserom, konstruktivisme, konneksjonisme, videoførelesing, aktiv læring, dataingeniørutdanninga, diskret matematikk

Abstract

I emnet Diskret Matematikk har me brukt omvendt klasserom sidan hausten 2013. Førelesingane er tilgjengeleg som videoopptak på ei vevside. medan klasseromstida vert brukt til tovegskommunikasjon og aktiv læring i ein eller annan form. Det kan innebera spørsmål frå studentane, vegleiing, gruppearbeid, diskusjon rundt oppgåver, med meir. Sjølv om me har sett mange positive verknader av dette opplegget, skal ein merkja seg at omvendt klasserom ikkje er noka sølvkule. Den aktive læringa kan leggjast opp på mange ulike måtar, og ikkje alle fungerer like bra. Det har teke to år å nærma seg ein tilfredsstillande form, og me er enno ikkje heilt i mål. Desse røynslene og løysingane skal me utdjupa i artikkelen.

Downloads

Download data is not yet available.

Published

2015-10-29

Issue

Section

Undervising og Didaktikk i IT-faga