Meistringslæring i intro programmering: plan for eit nytt emne
Abstract
Hausten 2023 startar eit nytt programmeringsemne spesielt for studentar på lektorutdanning i realfag ved NTNU. Opplegget vil vere basert på meistringslæring. I staden for avsluttande eksamen finst ein serie modultestar som studentane kan ta med individuell framdrift gjennom semesteret. I tillegg skal kvar student utføre eit individuelt prosjekt der programmering blir brukt med tanke på undervisning av realfag i skulen. Studentar må passere fleire testar og levere gradvis meir ambisiøst prosjekt jo betre karakter dei siktar mot. Artikkelen presenterer motivasjonen for korfor emnet blir lagt opp på denne måten, med gjennomgang av generell litteratur om meistringslæring, tilbakemelding og studieåtferd, og meir spesifikk litteratur om andre sine erfaringar med meistringslæring i innleiande programmeringsemne, både i Noreg og utlandet. Deretter presenterer vi det planlagte undervisningsopplegget for emnet, og korleis studentar frå det aktuelle programmet har vore involvert i utviklingsprosessen. Til sist diskuterer vi mogeleg risiko og utfordringar som vil måtte handterast i opplegget, kva følgjeforsking som er tenkt utført undervegs, og korleis ein ser for seg vegen vidare.
Nedladdningar
##submission.downloads##
Publicerad
Nummer
Sektion
Licens
Copyright (c) 2023 Guttorm Sindre, Gabrielle Hansen, Guri Sivertsen Korpås, Aksel Kirknes, Johanna Xiaoli Skøien, Juni L. Magnussen
Detta verk är licensierat under en Creative Commons Erkännande-Ickekommersiell-IngaBearbetningar 4.0 Internationell-licens.
All innhold i Læring om læring er publisert med cc lisens
Navngivelse-IkkeKommersiell-Ingen bearbeidelser 4.0 Internasjonal (CC BY-NC-ND 4.0)
Du har lov til å Dele — kopiere, distribuere og spre verket i hvilket som helst medium eller format
På følgende vilkår:
Navngivelse — Du må oppgi korrekt kreditering
IkkeKommersiell — Du kan ikke benytte materialet til kommersielle formål.
IngenBearbeidelser — Dersom du remixer, bearbeider eller bygger på materialet, kan du ikke distribuere det endrede materialet.