La kvar student velje sitt eige tempo: Meistringslæring i intro programmering
Abstract
Meistringslæring går ut på å dele eit emne opp i mange små modular, som kvar for seg skal vere overkomelege. Studenten må så vise meistring av den første modulen før hen går vidare til neste. Med eit slikt opplegg kan kvar student få velje sitt eige tempo og ambisjonsnivå gjennom pensum, heller enn at alle studentar blir forventa å halde same tempo slik det gjerne blir i emne bygde opp rundt ein plenums serie av førelesingar eller liknande opplegg med ein fast plan veke for veke. Hausten 2023 blei eit emne med design basert på meistringslæring køyrt i intro programmering for studentar på lektorutdanning i realfag ved NTNU. Kvar student kunne velje sitt eige tempo og ambisjonsnivå i ein meistringsstige som inneheldt ein serie med testar i parallell med eit individuelt prosjekt. Testane hadde høg transparens, med treningstestar som matcha dei teljande testane. Opplegget resulterte i høg gjennomføring, men karaktersnittet vart lågt. Studentane var for det meste nøgde med emnet, sjølv om det også var somme aspekt ved det som var mindre tilfredsstillande. Artikkelen presenterer resultat frå ei spørjeundersøking, og diskuterer korleis emnet kan gjerast betre neste gong.
Mot slutten presenterer vi også nokre refleksjonar for andre som kunne vere interesserte i å prøve ut meistringslæring, anten det skulle vere i programmering eller heilt andre fag.
Downloads
Downloads
Published
Issue
Section
License
Copyright (c) 2024 Gabrielle Hansen, Guttorm Sindre, Guri Sivertsen Korpås, Joakim Pettersen Vassbakk
This work is licensed under a Creative Commons Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 International License.
All innhold i Læring om læring er publisert med cc lisens
Navngivelse-IkkeKommersiell-Ingen bearbeidelser 4.0 Internasjonal (CC BY-NC-ND 4.0)
Du har lov til å Dele — kopiere, distribuere og spre verket i hvilket som helst medium eller format
På følgende vilkår:
Navngivelse — Du må oppgi korrekt kreditering
IkkeKommersiell — Du kan ikke benytte materialet til kommersielle formål.
IngenBearbeidelser — Dersom du remixer, bearbeider eller bygger på materialet, kan du ikke distribuere det endrede materialet.