Nyskaping - samarbeid med studenter
Samarbeid med studentar
NTNU har ein sterk posisjon i norsk arbeidsliv. Mange arbeidsgjevarar er ute etter studentane våre lenge før dei er ferdige med studia. Det finst mange opningar for kortvarige og langvarige oppdrag, og rekruttering av dagens studentar som blir dei nye tilsette i bedrifta. Ein god veg til studentar og fagmiljø er gjennom oppgåvesamarbeid.
Samarbeid om oppgåver
Har du ei uløyst oppgåve? Har du eit fagleg utviklingsprosjekt du aldri har fått prioritert? Treng bedrifta di nye impulsar og friske faglege innspel? Då kan eit oppgåvesamarbeid mellom student, faglærer og bedrifta di vere løysinga.
Eit oppgåvesamarbeid skal løyse ei fagleg relevant oppgåve. Målet må vere ny kunnskap for alle partar. Du blir kjent med studenten og hans eller hennar kompetanse, noe som kan leggje grunnlag for seinare rekruttering. Studenten får verdifull erfaring gjennom fagleg interessant prosjekt i ein levende arbeidskvardag.
Det er ingen kostnader forbunde med samarbeidet.
Krav til oppgåvesamarbeid
- Formulering av oppgåve. Arbeidsgjevar må ha eit klart bilete av kva for oppgåver som må løysast, slik at faglærer kan vurdere om dette er fagleg relevant for studentene
- Finne rett kunnskapsnivå. Oppgåver varierer i lengd og omfang, og det vil styre kva for studenter som er aktuelle. Ei mindre oppgåve kan løysast som bacheloroppgåve eller prosjektoppgåve. Ei større oppgåve kan krevje ein eller fleire masterstudentar i 6-12 månader.
- Tidsrammer for oppgåva. Studenter vel oppgåver i avgrensa tidsrom gjennom studiet. Eksempelvis vel dei fleste studentar tema for masteroppgåva i april-mai nest siste studieår, og leverer oppgåva til sommaren året etter.
- Avklare retar. Om ikkje annet er avtalt, har studenten opphavsrett til oppgåva og kan dele resultata fritt. Les meir om rettar til oppgåva i standardavtale for oppgavesamarbeid.
NTNU Bridge – portal for studentar og arbeidsliv
NTNU Bridge er NTNUs portal for å koble studentar og arbeidsliv, for samarbeid om oppgåver, praksisplassar og jobbar. Ved å registrere deg som arbeidsgjevar kan du finne studentar med ønskt utdanningsbakgrunn, publisere oppdrag og dele arrangement. Dette er enkelt og kostnadsfritt. Legg ut oppgåver du ønskjer å løyse, så hjelper vi deg å kome i kontakt med relevant fagmiljø.
Slik bruker du NTNU Bridge
- Opprett profil
- Publiser utlysing, opprett arrangement og søk etter studentar med relevant bakgrunn
- NTNU Bridge hjelper deg til å kome i kontakt med rett fagmiljø for oppgåvene dine
- NTNU Bridge bistår i oppstartsmøte og med praktiske avklaringar ved behov
Stipendordningar for studentsamarbeid
For ein student kan sjølv små utgifter virke avskrekkande for å delta i eit samarbeid. Heldigvis finst det fleire opningar for å få dekt utgifter knytte til praksis og oppgåvesamarbeid med studentar. Det vanlegste er støtte til reise og opphald.
- Ved samarbeid i Trondheimsregionen kan studentar få dekt opp til 4000 kroner til reise, overnatting, leie av laboratorium og liknande.
- Trøndelag Fylkeskommune dekkjer inntil 6000 kroner i oppgåveutgifter gjennom Distriktsforsk. Det er innovasjonsselskapa i Trøndelag som løyver og utbetaler støtte.
- Lånekassen kan gje reisestøtte både til innanlands og utanlands opphald knytt til studia.
Flere opningar for samarbeid
Mange studium ved NTNU opnar for praksis eller tek inn problemstillingar utenfrå. Nokre av dei viktigaste:
Eksperter i Team (EiT)
Eit obligatorisk emne i nesten alle studieprogram på masternivå. Studentane jobbar i grupper på tvers av fagbakgrunn. Problemstillingane er av tverrfagleg karakter. Arbeidslivsaktørar kan melde inn problemstillingar til EiT innan september kvart år.
Humanistar i praksis (HiP)
Eit emne for masterstudentar ved Det humanistiske fakultet. HiP er et alternativ til Ekspertar i Team, og skal gje studentane relevant yrkeserfaring gjennom praksisopphald. Som arbeidsgjevar kan du tilby praksisplassar og oppgåver som studentane skal løyse.
NTNUs Entreprenørskule
Gjennomfører kvar haust moglegheitsstudium av nye idear. Dersom du har ein forretningside eller ny teknologi som du vil kommersialisere, kan dette meldast inn til fagstaben ved Entreprenørskulen. Du vil få vurdert forretningspotensialet, og kanskje få med eit team av masterstudentar til vidare utvikling.
Karrieredagar og rekrutteringsarrangement
Karrieredagar og bedriftspresentasjonar blir arrangerte på NTNU gjennom heile året. Nokre av dei største:
KarriereDagane
Noregs største karrieremesse.
Karrieredagen NTNU Dragvoll
Noregs største rekrutteringsarrangement spesielt for studentar innanfor humaniora og samfunnsvitskapelege fag.
IAESTEs Næringslivsdager
NTNU sitt største rekrutteringsarrangement spesielt for teknologi- og realfagsstudentar.
Flere karrieredagar arrangert av NTNU-studentar
Studentorganisasjonar og linjeforeiningar
Viktigaste kontaktledd mellom studentar og arbeidsliv er studentane selv. Studentane organiserer bedriftspresentasjonar, koplingsarrangement og fagleg samarbeid gjennom sine organisasjonar og linjeforeningar. Nokre av dei viktigaste:
Teknologiporten
Består av studentar frå linjeforeningane ved Fakultet for Ingeniørvitskap og teknologi. Foreininga formidlar blant annea bedriftspresentasjonar og stillingsannonsar.
Næringslivsutvalet ved NTNU i Ålesund (NLU)
Ein studentorganisasjon som jobbar med å kople næringsliv og studentar i Ålesund.
Næringslivsutvalet (STØH)
Organiserer standaktivitet, bedriftspresentasjonar og arrangerer karrieredagen ved Handelshøgskolen i Trondheim.
Bindeleddet NTNU
Består av sivilingeniørstudentane ved Industriell økonomi og teknologileiing (Indøk), og tilbyr bedriftspresentasjonar og rekrutteringsdagar.
Start NTNU
Samlar studentar i Trondheim som engasjerer seg for innovasjon og entreprenørskap. Start NTNU arrangerer konferanser, kurs og møteplasser der studentar møter gründerar og næringsliv. NTNU i Gjøvik og NTNU i Ålesund har eigne Start-foreningar.
Designhjelpa
Ei teneste frå studentar ved Industriell design. Dei tilbyr designkompetanse gjennom workshops og rådgjeving.
Arkitekthjelpa
Har som mål å fremje god og nyskapande arkitektur, og tilbyr gratis rådgjevingstimar.
Linjeforeningar på NTNU
Linjeforeningane ved studieprogramma blir drivne av studentane for å skape godt fagleg og sosialt miljø gjennom mange typar aktivitetar og arrangement.
Leiing
Prorektor for nyskaping
Prorektor for nyskaping Toril A. Nagelhus Hernes leier arbeidet ved NTNU med innovasjon og nyskaping, og har ansvar for å vareta strategiske samarbeidsrelasjonar med næringslivsaktørar regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
Viserektor i Gjøvik
Viserektor i Gjøvik Gro Kvanli Dæhlin representerer og posisjonerer NTNU som institusjon overfor regionalt arbeidsliv.
Viserektor i Ålesund
Viserektor i Ålesund Anne-Lise Sagen Major representerer og posisjonerer NTNU som institusjon overfor regionalt arbeidsliv.
Sjå også
NTNU sitt økosystem for innovasjon og nyskaping.
NTNU er partnar i fleire klyngesamarbeid.
Det er mykje samarbeid gjennom forskingssentera NTNU leier og deltek i, og mellom fagmiljø og enkeltaktørar.