Samarbeid med NTNU

Samarbeid med NTNU

Næringsliv og forskere

Det er viktig at kunnskap som blir produsert i forskingsmiljø, blir teken i bruk i samfunnet. God kommunikasjon og samspel med eksterne partnarar motiverer for vidareutvikling av forsking og utdanning.

Mange av forskingsmiljøa ved NTNU har eit velutvikla samarbeid og partnarskap med næringslivet. Samarbeidet dreier seg om alt frå forskarutdanning og studentprosjekt til utveksling av data og konkret kompetanse.


Næringslivsringar

Mange næringslivsringar er dei senere åra etablerte ved fakultet, institutt og studieprogram ved NTNU. Hovudføremålet med desse samarbeidsforuma er å involvere partnarar i næringsliv, industri og offentleg forvaltning i eit fruktbart samarbeid for å styrkje utdanningsverksemda ved universitetet.

Næringslivsringane ved NTNU


Klyngesamarbeid

NTNU er medlem i en rekkje klyngesamarbeid på nasjonalt og internasjonalt nivå, gjennom Norwegian Centres of Expertise (NCE), Global Centres of Expertise (GCE) og Arena-klynger. Felles for klyngesamarbeida er at dei skal stimulere til auka innovasjon og samarbeid mellom bedrifter, forskings- og utdanningsmiljø, og offentlege aktørar.

Klyngesamarbeida ved NTNU


Kom i kontakt med fagmiljøa

Det meste av næringslivets og det offentlege sitt samarbeid med NTNU er forankra i fagmiljøa, på dei enkelte institutta og fakulteta. Fagmiljøa har mykje kunnskap om korleis samarbeid kan gje fagleg utbyte for alle partar.

Kontakt nokon i staben for å finne fagmiljøet som er av interesse. Sjå informasjon under "Kontakt NTNU".


Innovasjonsleiarar

Innovasjonsleiarar

NTNU sine innovasjonsleiarar skal bidra til å omsetje meir forsking om til nytt.

Kontakt innovasjonsleiarane ved fagmiljøa våre

Støtteordningar

Støtteordningar

Noregs forskingsråd tilbyr ein rekkje støtteordningar for bedrifter som vil samarbeide med NTNU:

  • Skattefunn er ein av dei enklaste inngangsportane. Ordninga gjev skattefrådrag for kostnader til forsking og utvikling.
  • Bedrifter og organisasjonar kan få støtte til nærings-ph.d. for å bidra til langsiktig kompetansebygging. Tilsvarande ordning finst for offentleg ph.d.
  • Forskingsrådet tilbyr også ei rekkje innovasjonsprogram og EU-finansierte støtteordningar. For meir om dette, sjå Næringsliv hos Forskingsrådet.
  • Sjå også informasjon fra TTO NTNU Technology Transfer under fana Finansiering.

NTNU Discovery tilbyr tidlegfasefinansiering av kommersialiserbare idear. Gode historier om nyskaping i 2018 (pdf).

NTNU i Gjøvik

NTNU i Gjøvik

NTNU i Gjøvik har sterke kunnskapsmiljø på område som informasjonstryggleik, informatikk, pasienttryggleik og velferdsteknologi, vareproduksjon og bioøkonomi.

Center for Cyber and Information Security (CCIS) er eit av dei fremste forskings- og utdanningsmiljøa innanfor cyber- og informasjonstryggleik i Europa.

Faggrupper innanfor bioøkonomi jobbar i tett samarbeid med næringsliv og andre forskingsmiljø for å bli leiande på tremekanisk industri med spesielt fokus på trebygg i urbane strøk, og på biobasert plast.

Forsking og utvikling på pasienttryggleik og velferdsteknologi fører til eit tryggare helsevesen og eit betre velferdstilbod. Omsorgsforskinga er tverrfagleg og kjenneteikna av nær kontakt med praksisfeltet.

NTNU i Ålesund

NTNU i Ålesund

NTNU i Ålesund er anerkjent for tett og vellykka samarbeid med maritimt næringsliv.

Den maritime klynga i Møreregionen er leiande i verda innanfor maritim teknologi og operativ drift. Mykje av samarbeidet går gjennom Ålesund Kunnskapspark, og klyngesamarbeida Blue Legasea og Blue Maritime.

NTNU er blant anna vertskap for SFI MOVE og Ship Lab, som gjennomfører avansert forsking og simulering av maritime operasjonar.

Også studentane er i høg grad involverte i innovasjon og næringslivssamarbeid, blant anna gjennom studentorganisasjonen Start Ålesund og eigne studentbedrifter.

Leiing

Leiing

Prorektor for nyskaping

Prorektor for nyskaping Toril A. Nagelhus Hernes leier arbeidet ved NTNU med innovasjon og nyskaping, og har ansvar for å vareta strategiske samarbeidsrelasjonar med næringslivsaktørar regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Viserektor i Gjøvik

Viserektor i Gjøvik Gro Kvanli Dæhlin representerer og posisjonerer NTNU som institusjon overfor regionalt arbeidsliv.

Viserektor i Ålesund

Viserektor i Ålesund Anne-Lise Sagen Major representerer og posisjonerer NTNU som institusjon overfor regionalt arbeidsliv.