Aktører og tjenester innen nyskaping
Økosystem for innovasjon og nyskaping
Her finner du ei oversikt over aktørar og tenester innanfor innovasjon og nyskaping og næringslivssamarbeid ved NTNU, lista opp i alfabetisk rekkjefølge.
Økosystemet ved NTNU
CIP – Center for Intellectual Property: Chalmers tekniska högskole, Göteborgs universitet og NTNU samarbeider om CIP. Senteret fremjar strategisk styring av immaterielle eigedelar og eigedom i samarbeid med næringsliv, akademia og styresmakter verda rundt.
DRIV NTNU helseinnovasjonsarena: Bidreg til tettare kontakt mellom studentar, forskarar, tilsette i og brukarar av helsetenesta, i tillegg til anna arbeids- og næringsliv.
Eksperter i Team: Tverrfaglege team med studentar jobbar med å løyse problemstillingar frå næringsliv og offentlige aktørar.
Forskingssentre og EU-samarbeid: Forskingssenter som SFI og FME og forskingsprogram gjev opphav til mange nye idear og prosjekt som kjem samfunnet til gode i form av produkter og tenester.
FRAM: Studentane sitt eige innovasjonssenter er ein samlingsstad for eksisterande innovasjonsmiljø og nysgjerrige nykomarar.
Humanister i Praksis: Humaniora-studentar bruker fagkompetansen sin i arbeidslivet gjennom praksisopphald i bedrifter og offentleg verksemd.
Klyngesamarbeid – NCE, GCE og Arena: Konstellasjonar som stimulerer til auka innovasjon og samarbeid mellom bedrifter, forskings- og utdanningsmiljø, og offentlege aktørar.
Mastergrad i entreprenørskap, innovasjon og samfunn: Gjev innsikt i kva rolle entreprenøren speler for samfunnsutviklinga – og kva rolle samfunnet speler for entreprenørskap.
6AM: Akselerator for kunnskapsbaserte oppstartsbedrifter. Tilbyr finansiering, nettverk og inkubatorplass sentralt i Trondheim.
NTNU Alumni: Internasjonalt, profesjonelt nettverk for tidlegere studenter, noverande studentar og tilsette ved NTNU. Tener som møteplass for kunnskapsdeling og erfaringsutveksling.
NTNU Bridge: Teneste for kopling mellom studentar og arbeidsgjevarar gjennom oppgåvesamarbeid, praksis og rekruttering til arbeidslivet.
NTNU Discovery: Gjev støtte til utvikling, verifisering og kvalitetssikring av idear og prosjekt som har potensial for å bli kommersielt levedyktige.
NTNU Karriere: Karriererettleiing for studentar med blant anna jobbsøkjarkurs, bevisstgjering av kompetanse og jobbutsikter.
NTNU TTO – Technology Transfer AS: Jobbar for å skape verdiar av forskinga ved NTNU i form av nye produkt eller tenester som kjem samfunnet til gode.
NTNU Videre: Tilbyr skreddarsydd etter- og vidareutdanning, kurs og kompetanseheving for arbeidslivet.
NTNUs Entreprenørskole: Mastergradsutdanning i entreprenørskap. Kombinerer teori med praktisk erfaring gjennom etablering av eiga oppstartsbedrift.
Næringslivsringer: Samarbeidsfora mellom fagmiljø på NTNU og næringsliv for å styrkje utdanningsverksemda ved universitetet.
Sentre for fremragende utdanning – SFU: Miljø med framifrå kvalitet og innovativ praksis i utdanninga, og med gode planar for vidareutvikling og innovasjon.
Spark NTNU: Gratis rettleiing og jamleg oppfølging for studentar som vil utvikle ein idé, samt lågterskel finansiering gjennom «Pengesprøyten».
Start NTNU: Studentorganisasjon som jobbar for å inspirere studentar til å satse på innovasjon og entreprenørskap. NTNU i Gjøvik og NTNU i Ålesund har eigne Start-foreninger.
Trondheim Tech Port: Trondheim Tech Port er en medlemsorganisasjon med mål om å auke innovasjonskrafta i Noreg gjennom tettare samarbeid. I tillegg jobbar Trondheim Tech Port for etableringa av et innovasjonsdistrikt i Trondheim, i samband med campusutviklinga i området rundt Elgeseter gate.
Venture Cup: Ein nasjonal forretningsplankonkurranse for studentar. Også poenggjevande fag i forretningsutvikling.
Leiing
Prorektor for nyskaping
Prorektor for nyskaping Toril A. Nagelhus Hernes leier arbeidet ved NTNU med innovasjon og nyskaping, og har ansvar for å vareta strategiske samarbeidsrelasjonar med næringslivsaktørar regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
Viserektor i Gjøvik
Viserektor i Gjøvik Gro Kvanli Dæhlin representerer og posisjonerer NTNU som institusjon overfor regionalt arbeidsliv.
Viserektor i Ålesund
Viserektor i Ålesund Anne-Lise Sagen Major representerer og posisjonerer NTNU som institusjon overfor regionalt arbeidsliv.
Strategisk program
NTNU Strategisk program for kunnskapsbasert innovasjon – SKI
Programmet omfattar innovasjonsleiarar som skal bidra til å omsetje meir forsking til nytte.