Nyskaping - faglig utveksling
Kontakt med fagmiljø og ekspertise
Har du utfordringar som krever fagleg spisskompetanse? NTNU har over 5000 fagleg tilsette (årsverk) innanfor teknologi, naturvitskap, humaniora, samfunnsvitskap, økonomisk-administrative fag, medisin og helsefag, utdanningsvitskap, arkitektur, entreprenørskap, kunstfag og kunstnarleg verksemd.
Kjøp av laboratorietenester
NTNU forvaltar over 100 små og store laboratorium, åleine eller i samarbeid med SINTEF. Bedrifter og andre kan kjøpe laboratorietenester. Ta kontakt for avtale med det enkelte laboratoriet.
Kontakt fagmiljøa
Det meste av samarbeid med NTNU er forankra i fagmiljøa ved dei enkelte institutta og fakulteta. Fagmiljøa har mykje kunnskap om korleis eit samarbeid kan gje fagleg utbyte for alle partar. Fleire fakultet har eigne innovasjonsleiarar.
Forskingssenter
Det er mykje samarbeid gjennom forskingssentera NTNU leier og deltek i.
Spør ein ekspert
På NTNU finn du ekspertar som kan svare på spørsmål innanfor mange ulike forskingsområde.
Her finn du ein oversikt over NTNU sitt økosystem for innovasjon og nyskaping.
Møteplassar
Årleg blir mange konferansar og seminar arrangerte i regi av NTNU. Dette er gode arenaer for å bli kjent med fagmiljø og forskingsaktivitetar. Arrangementa bidreg til å knyte akademia og næringsliv tettare saman, og er ofte utgangspunkt for nye og spennande samarbeid.
Trondheim Tech Port
Jobbar for å skape gode relasjonar mellom akademia og næringsliv. I tillegg til den årlege Technoport-konferansen arrangerer foreninga mange mindre arrangement og møteplassar for studentar, forskarar, startups og etablert næringsliv. Technoport er eit partnerskap mellom NTNU, næringsliv og offentlege aktørar.
NTNU Alumni
Nettverk for NTNUs tidlegere studentar, noverande studentar og tilsette. NTNU Alumni tener som møteplass for kunnskapsdeling og erfaringsutveksling mellom NTNU og samfunns- og arbeidsliv.
Ocean Week
Årleg konferanse for industri, forskarar og studentar innanfor marin og maritim sektor. Konferansen tek for seg siste framsteg innanfor forsking og teknologi, og kva utsikter det gjev for framtida.
Leiing
Prorektor for nyskaping
Prorektor for nyskaping Toril A. Nagelhus Hernes leier arbeidet ved NTNU med innovasjon og nyskaping, og har ansvar for å vareta strategiske samarbeidsrelasjonar med næringslivsaktørar regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
Viserektor i Gjøvik
Viserektor i Gjøvik Gro Kvanli Dæhlin representerer og posisjonerer NTNU som institusjon overfor regionalt arbeidsliv.
Viserektor i Ålesund
Viserektor i Ålesund Anne-Lise Sagen Major representerer og posisjonerer NTNU som institusjon overfor regionalt arbeidsliv.