Lilletun
president.
Det store stridsspørsmålet i denne lova har vore organiseringa av
Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (UNIT) og stillinga til Noregs Tekniske
Høgskule (NTH). Komiteen har motteke over 2000 protestunderskriftar
frå studentane på NTNU, og det er i dag politisk strek på NTNU. Det har
vore ei stor lobbyverksemd i lang tid og heilt til i dag. Etter
grundige drøftingar kom Kristelig Folkeparti fram til at vi ønskjer
eit nytt universitet, Noregs Teknisk-Naturvitenskapelege Universitet
(NTNU) i Trondheim. I denne byen finn vi di miljø vi treng for å få
til eit slikt universitet. Ideen er ikkje ny - heile rektorar på NTNU
har hatt han, men politikarane har ikkje gripe han tidlegare.
Kristeleg Fokeparti ønskjer eit NTNU fordi vi har store flobale
utfordringar, til dømes klima, energi, fattigdom,a rbeidslyse, helse,
utdanning og kulturskiftar. Skal vi finne gode svar på utfordringane,
må vi bygge på heilskapsforståing. I det perspektivet er samarbeid og
samspel mellom ulike disiplinar og tradisjonar innan forskinga ei
viktig oppgåve.
Utdanning og forskning innan teknologi har stor verdi for å løyse
fleire av desse flobale utfordringane. Men ny teknologi er ofte
avhengige av auka innsikt i generelle emner innan
naturvitenskapen. Difor treng utvikling i ny teknologi innsats i
grunnforskning innan matematisk-nautrvienskaplege disiplinar. Vi
treng, president, å styurke evna i norsk næringsliv til å lage nye
produkt og finne nye konsept. Det vil kunne gje fleire
arbeidsplassar. Sjølv om teknologi og naturvitenskap har ein
eigenverdi som all annan vitenskap, så er det eit mål å auke
nyteverdien av kunnskapen og la fleire nyte godt av han. Innsatsen i
gteknologi og naturvitenskap må gripe tak i dei utfordringar samfunnet
har og definerer.
Men det er ei samhandling mellom teknologi og humaniora. Fordi
teknologi påverker oss menneske, må og teknologisk forskning og
utdanning fokusere på konsekvensane for menneske og samfunn. Teknologi
er i dag meir enn teknikk. Det er like mykje spørsmål om organisering
og implementering. Difor må teknologar få innsikt i mellommennekselege
prosessar og påverkning. Det kan dei hente i dei humanistiske og
samfunnsvitenskaplege disiplinane. Etikk er her eit godt døme.
Samstundes er det interessant for humaniora og samfunnsvitenskapene å
studere innverknaden frå teknologi og naturvitenskap for
kulturskiftar, den historiske utviklinga, sosiale relasjonar, etisk
tekning og politiske system. Men eg vil streka under at dersom desse
faga skal kunne gi auka innsikt i dei samansatte samspilla, må også
desse disiplinane drive og grunnforskning og ha fridom til å utvikle
seg sjølve.
Kristeleg Folkeparti meiner det er trong for konsentrasjon om dei
enkelte faga og å sjå heilkapar på tvers av fag og
kulturar. tverrfagleg arbeid kan åpne for ny erkjenning og spennande
løysingar. Difor ønskjer vi auke samspel mellom teknisk-n
aturveintksaplege miljø og humanistiske og samfunnsvitenskaplege
miljø. Tverrrfagleg samarbeid er mogleg utan ein integrert
styringsstruktur, men eg meiner ein integrert organisasjon i større
grad sikrar tverrfagleg samarbeid og utvikling.
President, Noregsnettet legg opp til ei arbeidsdeling og
spesialisering som kan vidareutvikle fagmiljøa. Denne tenkninga gjeld
og universiteta. Difor deltek dei i Noregsnettet med sine mange
spesilaitetar. Danninga av NTNU i Trondheim vil styurke posisjonen til
Trondheim i Noregsnettet. NTNU vil få ein nøkkelrolle innan teknisk-
naturvitenskapleg forskning og undervisning i Noregsnettet, i tillegg
til dei andre faglege spesilitetar institusjonen får gjennom
kvalifiserte miljø innan medisin, humaniora og samfunnsvitenskap,
eksv. Vientskapsmuseet som den eldste av institusjonane ved NTNU har
også mykje å bidra med. I Trondheim finn vi dei kvalitetane vi treng
for å danne eit teknisk-n aturvitenskapelg universitet med nasjonal
funksjon og av internasjonal høg standard.
Eg er, president, klår over at vi har ulike tradisjonar for
utdanning og fagkulturar i Trondheim. Eg trur ikkje eit NTNU skal
erstatte desse kulturane. NTNU må difor vera fleirkulturell der
både programmerte profesjonsutdanningar og frie studiar i
klassiske disiplinar får eksistere side om side. Men her er det
og mogleg med gjensidig m´nyttig smaspel.
Fleritalet i komiteen har skreve inn merknader om oppgåven og
innhaldet i Noregs Teknisk-Naturvitenskaplege Universitet. For meg er
det naturleg å streke under at navnet peiker på hovedprfilen for
universitetet, teknologi og naturvitenskap. Det innebær ansvar for
utdanning av siv.ingar og knutepunktfunksjon for
teknisk-naturvitenskapleg forskning. Men NTNU må og samarbeid nært med
sine brukarar innan næringsliv, forvaltning og
forskningsorganisasjonar i inn og utland. Men NTNU skal og vera eit
universiet med fagleg bredde der dei ulike einingane må ha fridom til
å drive grunnforskning og utvikle seg sjølve. Det føreset også gode
kontaktar i inn og utland.
I navnet ligg et og ei forplikting til å fremme samspelet mellom
teknologi og naturvitenskap på den eine sida og humaniora,
smafunnsvitenskap og medisin på den andre sida. Eg vil tru dei største
fordelane av dette samspelet ligg på høgare nivå, og institusjonen må
oppmuntre til utdanningspprofilar, prosjekt og perspektiv som passar
inn i hovudprofilen. Ei nærare utreiing må sjå på korlei ein kan
synleggjere hovudprofilen ved at andre einingar reattar inn delar av
si verksmd mot denne.
Til slutt, president. Eg er glad for at satsinga på NTNU kan få eit
konkret uttrykk gjennom at fleirtalet no ønskjer å forsere arbeidet
med eit nytt og nyttig realfagsbygg på Gløshaugen. Profilen på
universitetet innbyr og til eit spennande samarbeid med Noregs
Forskningsråd om utvikling av forskningsprogram og prosjekt innan
teknisk-naturvitenskaplege emner. Men det skal også sjølvsagt vere
samarbeid mellom Forskningsrådet og NTNU om andre forskningsprogram.
Når vi vi Kristeleg Folkeparti vil danne NTNU er det for å sette
teknologi og naturvitenskap inn i ein samfunnsmessig samanheng. Vi
gjer teknologiutdanninga synleg i utdannings- og forskningspolitikken,
samstudnes som Stortinget kvart år får høve til å drøfte satsinga si
på dette feltet. Vi trur løysinga med NTNU gjer det mogleg å kombinere
god universitetspolitikk med god nøringspolitikk, fagleg utvikling med
nøringsutvikling, samordna forskning med produksjon, design og
kultur. Samstundes gir komibnasjonen teknologi, samfunn og humaniora
eit perspekt som passar godt inn i teknologisynet og utdanningssynet
til Kristeleg Folkeparti: mennesket i sentrum for teknologi og
forvaltning.
Updated 21.03.95, Christian Viken, chrisvik@stud.unit.no