Nye trykksaker og andre saker

Det er laga fleire nye trykksaker om NTNU denne våren.

Informasjonsavdelinga har deltatt med fødselshjelp, eller gitt råd og rettleiing i mange tilfelle. Nå er vi spent på resultatet. Noen har sendt oss eit eksemplar eller to, men vi har på langt nær fått alle brosjyrer som er laga. Send oss ein bunke!

Vi får mange spørsmål på telefon, faks og i brev. Informasjonshuset er ein av dei viktigaste distribusjonssentralane på universitetet. Vi treng påfyll frå alle som vil ha hjelp til å formidle stoffet vidare.

"NTNU er her" kjem i ny, revidert utgåve på bokmål, nynorsk og engelsk så snart det lar seg gjere etter at valresultatet er klart, og så snart dei nye fakultetsnamna er på plass. "Hvem gjør hva i universitetsadministrasjonen?" er planlagt ferdig i første-versjon i månadsskiftet. Ny hovudbrosjyre for NTNU skal vere ferdig så tidleg som råd til hausten.

Årsmeldinga for 1995 blir ferdig i april.

Ein lysark-serie (for overhead) med fakta og nøkkeltal om NTNU blir også ferdig i april.

På det elektroniske nettet ligg det ute ein god del informasjon om NTNU på norsk og delvis på engelsk. Informasjonsavdelinga er ansvarleg for den sentrale delen av informasjonen på nettet. Fakultet, institutt og andre avdelingar må sjølve legge ut sin eigen informasjon, men vi hjelper sjølvsagt til når noen ønskjer det.

Elles kan vi minne om at det kjem T-skjorter og konferansemapper med NTNU-emblem tidleg i mai. NTNU-pins og pennar har vi alt på lager.

KK

[NTNU | FTPSearch | FTP | UNINETT | NORWEB | Index | AltaVista | KVASIR | Yahoo]

Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør Kåre Kongsnes
Teknisk ansvarlig: www-admin@www.ntnu.no
Last modified:16:20:48 1996-04-18