Seint på kveld, mens klokka tikka mot midnatt 21. mars, vedtok eit fleirtal på 43 representantar, at universitetet skulle ny-organiserast. 32 representantar gjekk mot. Spørsmålet blei i realiteten avgjort den kvelden.
Det var ein merkedag, og såpass spesiell at dei fleste ved universitetet kjem i hug kor dei var og kva dei gjorde akkurat den kvelden. Eit historisk tidspunkt altså, som nesten, men ikkje heilt, kan måle seg med dagen da "Oddvar brakk staven". Unntatt i media.
I riksmedia - og blant folk flest - var det få som fekk bakoversveis etter Odelstingsvedtaket den natta for eit år sia. Heller ikkje i akademiske miljø nasjonalt og internasjonalt er NTNU eit stort tema. Men internt har vi hatt lange dagar og korte netter i året som har gått. Det har grodd fram idéar, planar og tiltak. Det blir spennande å gjere opp status neste gong kalederen viser 21. mars.
Kåre Kongsnes
ansv. red.