Tidslinje: Frå doktorgrad til nobelpris

Nobelprisvinnarane Moser og Moser

Tidslinje: Frå doktorgrad til nobelpris

 

Moser og Moser med Nobelmedaljen

 

År for år

1995

Forsvarer kvar sin doktorgrad ved Universitetet i Oslo og held nokre månader til ved University College London med John O'Kefee som mentor, der dei lærer å ta opp åtferda til stadcellene i hippocampus.


1996

Flyttar til Trondheim då NTNU tilbyr begge to kvar si stilling som førsteamanuensis i biologisk psykologi.


1997

Edvard Moser og May-Britt Moser arbeider ved Psykologisk institutt ved NTNU.

Bilete av Edvard Moser og May-Britt Moser. Foto: Bente Haarstad.
Edvard Moser og May-Britt Moser. Foto: Bente Haarstad.

Biletet er tatt i samband med eit intervju i forskingsmagasinet Gemini. I intervjuet heiter det mellom anna at «Til no har forskarane trudd at ein kunne klare seg med ein mindre del av hjernen for å hugse det ein tidlegare har lært. Dei nye rotteforsøka gjev motsett resultat. May-Britt Moser synest at kontroversielle resultat er spennande, men peikar på at mykje arbeid står att.»


1998

Edvard Moser blir professor i nevrovitskap ved NTNU.

Førsteamanuensis May-Britt Moser fra Institutt for psykologi, professor Hanna Mustaparta fra tidligere Institutt for zoologi, professor Arne Valberg fra Insitutt for fysikk og professor Edvard Moser fra Psykologisk institutt.
May-Britt Moser, Hanna Mustaparta, Arne Valberg og Edvard Moser. Foto: Lars Kr. Iversen

Basseng med rotter som blir brukte til studiar av hukommelse (i kjellaren på tidlegare Lade campus). Frå venstre: Førsteamanuensis May-Britt Moser frå Institutt for psykologi, professor Hanna Mustaparta frå tidlegare Institutt for zoologi, professor Arne Valberg frå Insitutt for fysikk og professor Edvard Moser frå Psykologisk institutt.


2000

May-Britt Moser blir professor i nevrovitskap ved NTNU.


May-Britt Moser og Edvard Moser får dei første prosjektmidla sine frå EU for Network analysis of hippocampal memory processing (NAPPY), der dei er prosjektkoordinatorar. Prosjektet inneheld planane for forskinga som etter kvart blir så suksessrik.


2001

Nevrologar får sitt eige senter for tverrfagleg forsking ved det nye laboratoriesenteret for nevrovitskap.

Frå venstre: Psykolog May-Britt Moser, psykolog Edvard Moser, zoolog Hanna Mustaparta, lege Tore Syversen, lege Ursula Sonnewald, zoolog Tor Jørgen Almaas.
May-Britt Moser, Edvar Moser, Hanna Mustaparta, Tore Syversen, Ursula Sonnewald og Tor Jørgen Almaas. Foto: Tore Hugubakken

Frå venstre: Psykolog May-Britt Moser, psykolog Edvard Moser, zoolog Hanna Mustaparta, lege Tore Syversen, lege Ursula Sonnewald, zoolog Tor Jørgen Almaas.


2002

Forskargruppa rundt Moserparet har blitt større og nådd eit framifrå nivå. Senter for hukommelsesbiologi som 10-årig forskingsprogram blir etablert med støtte frå Noregs forskingsråd.

V.H. Brun, M.K. Otnass, S. Molden, H.A. Steffenach, M.P. Witter, M.-B. Moser, E.I. Moser (2002): Place Cells and Place Recognition Maintained by Direct Entorhinal-Hippocampal Circuitry. Science, 296, 2243–2246.

Peder Emstad, Edvard Moser og Torgeir Moan. Bilete.
Peder Emstad, Edvard Moser og Torgeir Moan. Foto: Rune Petter Ness

The Centre for the Biology of Memory (Senter for hukommelsesbiologi) med direktør Edvard Moser (midten) saman med direktørane for dei to andre etablerte sentera for framifrå forsking. Til venstre Peder Emstad (Centre for Quantifiable Quality of Service in Communication Systems, Q2S) og til høgre Torgeir Moan (Centre for Ships and Ocean Structures, CeSOS).


2004

M. Fyhn, S. Molden, M.P. Witter, E.I. Moser, M.-B. Moser (2004):Spatial Representation in the Entorhinal Cortex. Science, 305, 1258–1264.

S. Leutgeb, J.K. Leutgeb, A. Treves, M.-B. Moser, E.I. Moser (2004):Distinct Ensemble Codes in Hippocampal Areas CA3 and CA1. Science, 305, 1295–1298.


2005

Gjer gjennombrot internasjonalt med oppdaginga av nervecellene i hjernen som kallast gitterceller. Desse cellene er viktige for stadsans og orienteringsevne.


2006

F. Sargolini, M. Fyhn, T. Hafting, B.L. McNaughton, M.P. Witter, M.-B. Moser, E.I. Moser (2006): Conjunctive Representation of Position, Direction, and Velocity in Entorhinal Cortex. Science, 312, 758–762.


2007

Kavli Foundation finansierer skipinga av Kavli Institute for Systems Neuroscience ved NTNU.
Med utnemninga til Kavli-institutt følgjer internasjonal heider, fellesskap med dei andre Kavli-institutta over heile verda og permanent finansiering. Fleire stillingar blir finansierte, og Menno P. Witter tar med seg heile forskingsstaben sin og aksepterer tilbod om fulltidsstillingar ved instituttet, noko som styrkjer den anatomiske kompetansen i teamet.

M. Fyhn, T. Hafting, A. Treves, M.-B. Moser, E.I. Moser (2007): Hippocampal remapping and grid realignment in entorhinal cortex. Nature, 446, 190–194.

Edvard Moser, Fred Kavli og May-Britt Moser. Bilete.
Edvard Moser, Fred Kavli og May-Britt Moser. Foto: Rune Petter Ness.

2008

May-Britt Moser og Edvard Moser blir tildelt den nordiske Fernströmprisen for framifrå medisinsk forsking.

T. Solstad, C.N. Boccara, E. Kropff, M.-B. Moser, E.I. Moser (2008): Representation of Geometric Borders in the Entorhinal Cortex. Science, 322, 1865–1868.


2009

Edvard Moser får EU-midlar i form av ERC Advanced Grant til prosjektet Neural circuits for space representation in the mammalian cortex (CIRCUIT).

L.L. Colgin, T.Denninger, M. Fyhn, T. Hafting, T. Bonnevie, O. Jensen, M.-B. Moser, E.I.Moser (2009):Frequency of gamma oscillations routes flow of information in the hippocampus. Nature, 462, 353–357.  


2010

C.N. Boccara, F. Sargolini, V.H. Thoresen, T. Solstad, M.P. Witter, E.I. Moser, M.-B. Moser (2010): Grid cells in pre- and parasubiculum. Nat. Neurosci., 13, 987–994.


2011

May-Britt Moser får EU-midlar i form av ERC Advanced Grant til prosjektet Neural mechanisms for memory retrieval (ENSEMBLE).

K. Jezek, E.J. Henriksen, A. Treves, E.I. Moser, M.-B. Moser (2011): Theta-paced flickering between place-cell maps in the hippocampus. Nature, 478, 246–249.


2012

Då støtta til Senter for Hukommelsesbiologi tar slutt, utnemner Noregs forskingsråd eit nytt Senter for framifrå forsking ved Kavli-instituttet, som skal få støtte i perioden 2013–2022. Senter for nevrale nettverk er det nye namnet, og May-Britt Moser er direktør, medan Edvard Moser er direktør for Kavli-instituttet.

H. Stensola, T. Stensola, T. Solstad, K. Frøland, M.-B. Moser, E.I. Moser (2012): The entorhinal grid map is discretized. Nature, 492, 72–78.

Feiring av Senter for nevrale nettverk, det nye senteret for framifrå forsking ved Kavli-instituttet.
Feiring av Senter for nevrale nettverk, det nye senteret for framifrå forsking ved Kavli-instituttet. Foto: Thor Nielsen.

2013

Moserparet blir tildelt The Louisa Gross Horwitz Prize og Fridtjof Nansens belønning for fremragende forskning med den tilhøyrande Nansenmedaljen for fremragende forskning.

S.J. Zhang, J. Ye, C. Miao, A. Tsao, I. Cerniauskas, D. Ledergerber, M.-B. Moser, E.I. Moser (2013): Optogenetic Dissection of Entorhinal-Hippocampal Functional Connectivity. Science 340 (6128), 232627.

May-Britt Moser, John O'Keefe og Edvard Moser. Foto: Charles E. Manley

Tildeling av den prestisjefylte Louisa Gross Horwitz Prize 2013 ved Columbia University, New York, 16. januar 2014. Vinnarane May-Britt Moser, John O'Keefe og Edvard Moser.


2014

May-Britt Moser og Edvard Moser blir tildelt Karl Spencer Lashley Award og the Körber European Science Prize. May-Britt blir den første norske kvinna som blir vald inn som «foreign associate» i det amerikanske vitskapsadakamiet National Academy of Sciences. Edvard blir òg vald inn det same året.


Edvard Moser får forskingsmidlar frå EU i form av ERC Advanced Grant for prosjektet Cortical maps for space (GRIDCODE).

K.M. Igarashi, L. Lu, L.L. Colgin, M.-B. Moser E.I. Moser (2014): Coordination of entorhinal–hippocampal ensemble activity during associative learning. Nature 510, 143–147.

E.I. Moser, Y. Roudi, M.P. Witter, C. Kentros, T. Bonhoeffe, M.-B. Moser (2014): Grid cells and cortical representation. Nature Reviews Neuroscience 15, 466–481.

4. mars 2014: Statsminister Erna Solberg besøkjer laboratoriet for å finne ut meir om forsking på sansen og staden for hukommelse i hjernen.

Statsminister Erna Solberg besøker laboratoriet. Bilete.
Statsminister Erna Solberg besøker laboratoriet. Foto: Universitetsavisa.

6. oktober 2014

May-Britt Moser og Edvard Moser blir tildelt Nobelprisen i fysiologi eller medisin saman med John O’Keefe. Prisen blir overrekt under ein seremoni i Stockholm 10. desember 2014.



Nobelpris til NTNU

Nobelpris til NTNU

Nobelprisen i fysiologi eller medisin 2014 gjekk til hjerneforskerne May-Britt Moser og Edvard Moser ved NTNU. Dei delte prisen med John O’Keefe ved University College London.

May-Britt Moser og Edvard Moser oppdaga at den delen av hjernen blir kalla entorhinal cortex har gitterceller. Desse cellene er koordinatsystemet i hjernen og bereknar kor langt og i kva retning du har rørt deg. 

Historia om korleis vi oppdaga gridcellene (engelsk)

Tidslinje frå NRK

Tidslinje frå NRK

Følg Kavli-instituttet i sosiale medium

Følg Kavli-instituttet i sosiale medium


Følg oss!