Studier

Studier

Våre institutt samarbeider med Institutt for historiske og klassiske studiar og Institutt for biologi om undervisning og rettleiing av mastergradstudentar og doktorgradsstipendiatar innom våre fagfelt. Rettleiing på master- og ph.d.-nivå er knytt til museet sine forskargrupper.  

Museet har tette band til samfunnet ikring. Gjennom lovpålagte oppgåver har vi god kontakt med offentleg sektor, næringsliv og publikum. Studentane tar aktiv del i dette gjennom sine utdanningsløp. Læringsmiljøet, der studentane blir utdanna med direkte bruk av magasin, samlingar og utstillingar, er leiande i nasjonal samanheng. Feltundervisning og bruk av avansert teknologi er ein viktig og integrert del av utdanninga. 

Arkeologi

Arkeologi

Fonnfunn Oppdalsfjella, NTNU VitenskapsmuseetInstitutt for arkeologi og kulturhistorie deler ansvaret for arkeologistudiet ved NTNU på bachelor- og mastergradnivå med Institutt for historiske og klassiske studiar. Vårt institutt har hovudansvar for undervisning av feltmetodekurs og emne retta mot museumsarbeid, og har også ansvar for rettleiing når studentane deltek på arkeologisk feltarbeid.

Les meir om 

Biologi

Biologi

Foto: T. Ekrem, NTNU VitenskapsmuseetInstitutt for naturhistorie samarbeider med Fakultetet for naturvitskap om undervisning på emne i biologi, og har hovudansvar for fag innom biosystematikk. Instituttet gir også rettleiing til masteroppgåver innom biosystematikk, biogeografi, økologi og bevaringsbiologi.

Les meir om:

Forskerskolar

Forskerskolar

Ei forskarskole er eit nettverk av akademikarar og forskarar ved fleire institusjonar knytte til forskingsmiljø. Føremålet er å fremje forskinga innom eit felt gjennom å auke kvaliteten i forskarutdanninga.  Doktorgradsstudentar får tilbod om undervisning, samlingar, eit fagleg forum og nettverk. Forskarskolar styrker fagmiljøet generelt gjennom å kople spesialiserte fagmiljø frå ulike institusjonar, og opne for tverrfagleg, tverrfakultært og internasjonalt samarbeid.

NTNU Vitskapsmuseet er med i to forskerskoler