Primulahagen
Primulahagen
Stor og fargerik variasjon i ei og same planteslekt.
På den nordlege halvkula finst om lag 430 ulike artar i slekta nøkleblom (Primula). Fem av desse er viltveksande i Noreg, mellom desse marianøkleblom (P. veris) og fjellnøkleblom (P. scandinavica). Den gulblomstrande hagenøkleblomen (P. elatior) er, slik det går fram av namnet, ei hageplante, men opptrer forvilla i mange plenar og parkar. Og nettopp gjennom hagebruket er mange blitt kjende med denne varierte planteslekta. Mellom anna kan ein kjøpe mange sortar av primula og auriklar både som potteplanter og utplantingsplanter.
Primulahagen viser eksempel på den store variasjonen i slekta, både av viltveksande artar og av sortar som er foredla fram til prydføremål. Storleiken på dei ville artane varierer frå nokre få centimeter høge puteplanter i fjellet, til meterhøge planter, som gjerne veks i skog og langs bekkar. Blomefargen går frå kvitt, gult, rosa, oransje, raudt, fiolett og blålilla og over til nesten brunsvart. Denne store, naturlege variasjonen er grunnlag for at det finst eit rikt utval av kultiverte (foredla) primulaer til hagebruk. Eit godt eksempel på dette er det store utvalet av hageauriklar