Historie

Historie

Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab vart stifta i 1760, og er med det den eldste eksisterande vitskapelege institusjonen i Noreg. Det var Selskabet som starta museet.

Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (DKNVS) var den første institusjonen i Trondheim med vitskap og forsking som hovudverksemd. Året etter publiserte DKNVS det første vitskaplege tidsskriftet i Noreg. DKNVS tidsskrift, DKNVS skrifter og DKNVS årbok blir framleis publisert. 

I 1926 blei DKNVS omorganisert til å være både akademi og museum. Stortinget vedtok i 1968 opprettinga av Universitetet i Trondheim, og museet blei overført til universitetet 1. april 1984. Ringve botaniske hage blei opna i 1973 som universitetshage, og lagt til DKNVS Museet i 1981. 

Ei ny omorganisering med verknad frå 1. januar 1996 førde til opprettinga av Noregs teknisk-naturvitskapelege Universitet, NTNU. I 2005 blei NTNU Vitskapsmuseet sidestilt med fakulteta ved NTNU, med representasjon i Dekanrådet og Det sentrale forskingsutvalet. 

Vår utstilling 1760 tar føre seg starten på moderne vitskap, DKNVS, og grunnleggjarane av Vitskapsmuseet: Gunnerus, Schøning og Suhm.

Bilder til Historie

Fra Hammers samling. Foto: Per E. Fredriksen, NTNU Vitenskapsmuseet.

Glassmaleri i kirkesamlingen. Foto: Per E. Fredriksen, NTNU Vitenskapsmuseet.