Haugene_bilde

Haugene. Foto: Vibekke Vange / NTNU Vitenskapsmuseet

Haugane

Haugane

Eit mangfald av lauvtre og buskar blant solfylte knausar og lunt plasserte benkar.

Området kalla Haugane ligg høgt og fritt, med utsyn mot både fjorden og byen. I dette gamle kulturlandskapet er det planta tre og buskar som har vakker vår- og sommarblomstring, og gjerne fargesterke frukt om hausten. Her er fleire artar av eple (slekta Malus), kirsebær (slekta Prunus), rogn (slekta Sorbus) og hagtorn (slekta Crataegus). Alle desse høyrer til rosefamilien og har bærliknande frukt om hausten. Fruktene er små og sure samanlikna med dei foredla sortane vi er vane med å ete, men dei er viktig føde for fuglar gjennom vinteren.  

På Haugane finst også fleire artar av syrin (Syringa), med lilla-farga blomer, og skjærsmin (Philadelphus), som har velduftande, kvitt blomsterflor. På platået lengst i vest på Haugane står det hengeformer av artar som alm, ask og selje. Desse dekorative, småvokse trea høver godt for ein liten hage.

Haugene_småbilder

Haugene. Foto: Vibekke Vange / NTNU Vitenskapsmuseet

Haugene. Foto: Vibekke Vange / NTNU Vitenskapsmuseet