Vitenskapsmuseet: Botaniske samlinger
Botaniske samlingar
Dei botaniske samlingane er vår felles kunnskapskjelde om botaniske organismar før og no.
Samlingane omfattar karplanter, algar, mosar, lav og sopp. Sjølv om sopp evolusjonært sett er meir i slekt med dyr enn med planter, blir denne gruppa likevel av historiske og praktiske omsyn likevel tatt vare på som del av dei botaniske samlingane. Samlingane blir nytta til forsking innom biosystematikk, biogeografi, bevaringsbiologi og miljøforhold. Dei botaniske samlingane ved NTNU Vitskapsmuseet har i internasjonal samanheng forkortinga TRH. Den eldste delen av herbarium TRH vart samla av biskop Gunnerus (1710-1773).
Herbarium TRH består for det meste av tørt og daudt materiale, der kvar innsamling utgjer det vi omtaler som eit «objekt». Somme objekt består av eitt individ, andre av mange individ og jamvel fleire artar. Totalt er det om lag 550 000 slike objekt i Herbarium TRH. Dei fleste objekta er frå Midt-Noreg, men det er også mykje frå andre delar av landet og frå andre nordiske land, og litt frå andre delar av verda. Samlingane er hovudsakleg resultat av målretta innsamlingar utført av forskarar og amatørar for å dokumentere identitet og førekomst av ulike artar. Gåver er også bidrag til stadig tilvekst i samlingane.
TRH byggjer på delsamlingar systematisk ordna etter taksonomiske, alfabetiske og geografiske kriterium. Over 95 % av samlingane i TRH er ferdig dataregistrerte i nasjonale databasar.
Førekomstdata for alle samlingar er tilgjengelege via Artskart og GBIF.
Typesamlinga er særleg viktig ettersom objekta her er valde ut som internasjonale, morfologiske referansar ved skildring og publisering av nye artar og andre for vitskapen nye takson. Den botaniske typesamlinga i herbarium TRH omfattar meir enn 3000 objekt. Samlinga har typeeksemplar for både algar, sopp, lav, mosar og karplanter. Typesamlinga er registrert i databasane for dei respektive artsgruppene.
Det finst også frosne vevsprøver i dei botaniske samlingane (ColdGene).
Tap av biologisk mangfald er éi av dei største utfordringane i vår tid. Museet utviklar ei DNA- og vevsprøvesamling for truga artar i Noreg. Dette vil gi unik informasjon om dei mest sårbare delane av norsk natur. Samlinga er eit samarbeidsprosjekt mellom NTNU Vitskapsmuseet og Biobanken ved HUNT forskingssenter.
I tillegg kjem samlingane av levande planter i NTNU Vitskapsmuseet sin botaniske hage på Ringve.
Karplanter
Karplanteherbariet er det største herbariet ved NTNU Vitskapsmuseet. Objekta består av innsamla, pressa planter monterte på herbarieark.
Alle objekt er dataregistrert og dessutan også fotografert. Tyngda av materialet er samla frå Midt-Noreg, men objekt frå andre delar av landet og mesteparten av Norden inngår, samt noko materiale frå land utanom Norden. Mellom anna er det om lag 6 000 objekt samla av professor Olav Gjærevoll frå arktisk Alaska og Canada. Den midt-norske delen av karplanteherbariet har periodevis hatt betydeleg tilvekst, særleg gjennom målretta innsamlingar av særskilde plantegrupper. Dei siste åra har ein mellom anna fokusert på innsamling av framande artar og på plantegrupper det blir forska på (t.d. vier, storr, raudliste-artar). Lista over innsamlarar er lang og inkluderer både forskarar og amatørar. Tore Ouren (> 19 000 objekt), Ralph Tambs Lyche (om lag 18 500 objekt), Eli Fremstad (om lag 16 800 objekt) og Olav Gjærevoll (> 13 000 objekt) har vore særleg viktige bidragsytarar.
Karplantesamlinga er tilgjengeleg via GBIF.
Fagleg ansvarleg: Førsteamanuensis Kristine Bakke Westergaard.
Driftsansvarleg: Seniøringeniør Tommy Prestø.
Gunnerusherbariet
Gunnerusherbariet omfattar innsamlingane biskop J.E. Gunnerus gjorde i tidsrommet 1762-1772. Samlinga låg til grunn for utgiinga av Flora Norvegica (1766, 1776), det første vitskaplege floraverket i Noreg. Den katalogiserte delen av Gunnerus sine innsamlingar består av omlag 2 800 objekt og desse ligg føre ferdig dataregistrert og skanna. Det meste av herbariet består av karplanter, men femnar også algar, mosar, sopp og lav. Flora Norvegica (1766, 1776), som no finst på norsk og med kommentarar (Jørgensen et al. 2016), har mest kultur- og vitskapshistorisk verdi. Herbariet inneheld originalmateriale (typar) av artar Gunnerus skildra som nye for vitskapen. Nokre døme på slike er; nordmørslav (namngjeve som Lichen normöricus), stortare (namngjeve som Fucus hyperboreus; heiter no Laminaria hyperborea), skredarve (Arenaria norvegica), buestorr (Carex maritima), bergrublom (Draba norvegica) og setergråurt (Gnaphalium norvegicum). Gunnerusherbariet er blitt granska fleire gonger av ulike ekspertar og har ei viss tyding i taksonomisk og plantegeografisk samanheng.
Fagleg ansvarleg: Førsteamanuensis Kristine Bakke Westergaard.
Driftsansvarleg: Senioringeniør Tommy Prestø.
Vegetasjonshistorisk samling
Denne samlinga består av referansemateriale frå pollenanalytiske undersøkingar og granskingar frå 1970-80 talet av professor Ulf Hafsten ved Botanisk institutt, Universitetet i Trondheim. Granskingane galdt mellom anna grana si innvandring til Noreg og den historiske utviklinga av kulturlandskapet. Samlinga består av om lag 15 000 objekt og rundt 1 800 mikroskoppreparat.
Feltbøker, analyseskjema, fotografi m.m. er knytt til denne samlinga.
Samlinga har vore lite i bruk og er ikkje dataregistrert.
Fag- og driftsansvarleg: Senioringeniør Tommy Prestø.
Mosar
Moseherbariet er den nest største delsamlinga, og nesten alle objekt er dataregistrerte.
Innsamlingane frå siste del av 1800-talet og første del av 1900-talet er fundamentet i samlinga, i første rekke gjennom verksemda til Ingebrigt Severin Hagen. Han hadde sin arbeidsplass ved Vitskapsmuseet frå 1907 og fram til han døydde i 1917. Tilvekst gjennom innsamling frå slutten av 1960-talet og fram til i dag har også vore betydeleg. Dei ti viktigaste bidragsytarane til moseherbariet har vore: Ingebrigt S. Hagen, Arne A. Frisvoll, Kristian Hassel, Kjell I. Flatberg, Tommy Prestø, Torbjørn Høitomt, Hans H. Blom, Elling Ryan, Nils Bryhn og Asbjørn Moen. Dovrefjell og områda kring Trondheimsfjorden er svært godt representert i samlinga, men det er også mykje material frå resten av Midt-Noreg. Det er óg nye innsamlingar frå andre delar av landet, særleg av sjeldne artar. Moseherbariet har ferske innsamlingar av nesten alle moseartar i Noreg. NTNU Vitskapsmuseet si forskingsverksemd i boreale og arktiske område har lagt grunnlag for betydeleg tilvekst frå desse områda. Døme på dette er innsamlingar frå Svalbard, Grønland, Island, Canada og USA av mellom anna A. A. Frisvoll, K. I. Flatberg, K. Hassel og T. Prestø.
Moseherbariet har høg forskingsverdi og inneheld mange referanseobjekt (typar) for skildringar av nye artar. Særs aktiv biosystematisk forsking på torvmosar (Sphagnum) i meir enn 30 år gjer at herbariet har mykje materiale av denne slekta. Innsamlingane dekkjer breitt på den nordlege halvkula, men Noreg og dei nordlegaste områdar er best representert. Den viktigaste samlaren av torvmosar er K. I. Flatberg som i 2013 ga ut Norges torvmoser. Slektene gråmose (Racomitrium) og blomstermose (Schistidium) er også særleg rikt representert i moseherbariet som eit resultat av innsamlingsaktiviteten til H.H. Blom og A.A. Frisvoll. Anna originalmateriale kan i hovudsak daterast tilbake til seint 1800- og tidleg 1900-tal. I dette materialet er torvmosar Sphagnum saman med slekter som gråmosar Racomitrium og blomstermoser Schistidium særleg rikt representert.
Viktige eksikat inkluderer
Hepaticae Europaeae Exsiccatae, V. F. Schiffner
Musci Alleghanienses, W. S. Sullivant
Musci Europaei Exsiccati, Ernst Bauer
Bryotheca Bohemica. Laub- und Lebermoose aus Böhmen in getrockneten Exemplaren, E. Bauer
Musci Frondosi Archipelagi Indici Exsiccati, M. Fleischer
Bryotheca Europaea Meridionalis, M. Fleischer; C.F. Warnstorf
Fagleg ansvarleg: Professor Kristian Hassel
Driftsansvarleg: Senioringeniør Tommy Prestø
Utlån
Her kan du laste ned informasjon om utlån av gjenstandar frå herbariet. Dokumenta er på engelsk.
Lav
Om lag 80 prosent av lavsamlinga er frå Noreg inkludert Svalbard. Det meste er dataregistrert.
Nye innsamlingar har helst vore knytte til forskings- og oppdragsverksemd i Noreg etter 1980, mellom anna med mange verdifulle innsamlingar frå boreal regnskog i Midt-Noreg.
Vidare er det en del objekt frå dei andre nordiske landa. Ove A. Høegs innsamlingar frå Afrika representerer ein viktig del av objekta frå land utanfor Norden.
Hovudbidragsytarar til samlinga har vore Håkon Holien, Ove Arbo Høeg, Geir Gaarder, Andreas Frisch, Bernt Lynge, Tor Tønsberg, Johannes Musæus Norman, Arne Frisvoll og Christian Kindt.
Av artsgrupper er slektene Bryoria og Cladonia godt representert samt knappenålslav i vid forstand, dvs. slektene Calicium, Chaenotheca og Sclerophora mfl.
Talet på typar omfattar kring 200 objekt.
Viktige eksikat
Cladoniae exsiccatae, Heinrich Sandstede
Lichenes selecti Scandinavici exsiccati. Adolf Hugo Magnusson
Fagleg ansvarleg: Førsteamanuensis Håkon Holien
Driftsansvarleg: Senioringeniør Tommy Prestø
Algar
Algeherbariet består hovudsakleg av objekt frå Noreg.
Samlinga omfattar berre makroalgar og da i første rekke brunalgar, raudalgar og grønalgar. Samlinga er nesten fullstendig dataregistrert, men det er få nye taksonomiske revisjonar. Algeherbariet inkluderer to spesialsamlingar: (1) ei historisk kalkalgesamling med 3 880 objekt av koralline raudalgar, og (2) ei samling av 2 275 tørre, malte tareprøver frå Trondheimsfjorden. Kalkalgesamlinga vart bygd opp gjennom aktiviteten til Mikael Heggelund Foslie, tilsett som konservator ved Vitskapsmuseet frå 1892 og fram til han døydde i 1909. Foslie si forsking og innsamling i inn- og utland, og utveksling av materiale med fagkollegaer verda over, har gitt oss ei unik samling av kalkalgar. Ho er framleis internasjonalt vitskapleg viktig, ikkje minst av di ho inneheld nærmare 550 originalinnsamlingar (typar) for nyskildra artar og varietetar av desse. Foslie si kalkalgesamling er dataregistrert og og tilgjengeleg som publisert katalog. Taresamlinga frå Trondheimsfjorden blei samla av Norsk institutt for tang- og tareforskning ved det tidlegare NTH. Samlinga er lagra i metallboksar og registrert i ei mellombels database.
I resten av algesamlinga finn ein i all hovudsak algar samla i Norge. Også her er grunnlaget Foslie sine algeinnsamlingar.
Viktige eksikat
Phycotheca Boreali-Americana. Collins, Holden & Setchell
Fagleg ansvarleg: Professor Kristian Hassel
Driftsansvarleg: Senioringeniør Tommy Prestø
Sopp
Om lag 90 prosent av objekta i soppsamlinga er frå Noreg inkludert Svalbard. Heile samlinga er dataregistrert.
Dei fleste objekta er frå Midt-Noreg, men Nord-Noreg er også godt representert. Soppsamlinga inneheld originalmateriale (typar) for fleire skildra artar. Samlinga har sopp frå dei fleste gruppene, men begersopp er særleg godt representert.
Dei viktigaste bidragsytarane til samlinga er Sigmund Sivertsen, Håkon Holien og Ove Arbo Høeg, Marthe Gjestland og Thyra Solem.
Frå andre land enn Noreg er det i første rekke objekt frå Argentina (Tierra del Fuego), Finland, Spania (Mallorca) og Sverige.
Talet på typar omfattar om lag 65 objekt.
Fagleg ansvarleg: Førsteamanuensis Håkon Holien
Driftsansvarleg: Senioringeniør Tommy Prestø