Om (kontakt) - Fakultet for medisin og helsevitenskap
Om fakultetet
Fakultet for medisin og helsevitskap er ein utdannings- og forskingsinstitusjon innanfor medisin og helse. Vi er også ein del av det integrerte universitetssjukehuset i Trondheim saman med St. Olavs hospital.
Fakultetet har aktivitet i Trondheim, Gjøvik, Ålesund og Levanger. Totalt jobbar om lag 1800 personar ved fakultetet.
Kontakt oss
Generelle førespurnader: +47 73 55 11 00 | postmottak@mh.ntnu.no
Studieførespurnader: studier@mh.ntnu.no
Medisinstudieførespurnader: medisinstudiet@mh.ntnu.no
Pressekontakt: Åse Sjømæling
Leiing
Fakultetet blir leidd av dekan, dekanatet og administrativ leiar.
Instituttleiarane inngår og i fakultetet si leiargruppe.
Adresser
Postadresse
NTNU, Fakultet for medisin og helsevitskap,
7491 Trondheim
Pakkelevering
NTNU
Namn på mottakar og avdeling
Telefonnummer til mottakar (om mogleg)
S.P. Andersens veg 11,
7031 Trondheim.
Besøk oss
Fakultetet sin resepsjon:
Øya helsehus 2. etg
Mauritz Hansens gate 2, Trondheim
Fakultetsleiinga:
1930-bygget
Harald Hardrådes gate 13, Trondheim
Fakultetsadministrasjonen:
Fred Kavli-bygget
Olav Kyrres gate 9, Trondheim
Kart over campusane våre:
Dekan
Administrativ leiar
Styre, råd og utval
Samarbeid
Fagmiljøa ved NTNU, Universitetssjukehuset St. Olavs Hospital og Helse Midt-Noreg RHF er dei næraste samarbeidspartnarane til fakultetet innan utdanning, forsking og innovasjon. Gjennom universitetskommunesamarbeidet er Trondheim kommune ein tilsvarande viktig arena for samarbeid.
Andre viktige samarbeidspartnarar er mellom anna SINTEF, Sjukehuset Levanger, Sykehuset Innlandet, Ålesund sjukehus, Gjøvik kommune og Ålesund kommune.
Strategi: Helse for ei betre verd
Sjå sider om fakultetet sin strategi.
Satsingsområde
Fakultetet er vertskap for det tematiske satsingsområdet NTNU Helse. Satsingsområdet skal stimulera til tverrfaglege og innovative løysingar på helseutfordringane i framtida.
Blant fakultetet sine eigne satsingsområde finn vi Innovasjon og Global helse.