Legemedonasjon - Forskning - Fakultet for medisin og helsevitenskap
Donasjon av lekam til medisinsk forsking og undervisning
Kan du tenkje deg å la kroppen din bli brukt til noko nyttig - etter at du sjølv er død og ikkje lenger har bruk for han?
Kvifor treng vi lekamer til medisinsk forsking og undervisning?
Vi reknar alle med å bli møtte av flinke og kunnskapsrike legar og sjukepleiarar dersom vi sjølv eller våre næraste skulle bli sjuke. Vi forventar at den hjelpa vi får, er den beste som finst.
For å sikre høg kompetanse innan helsevesenet er vi avhengig av at tilstrekkeleg mange personar er villige til å stille dei døde lekamane sine til disposisjon for forsking og undervisning.
Anatomi i utdanninga
Anatomi er læra om korleis menneskekroppen er bygd opp. Kunnskap om anatomien er ein føresetnad for å forstå korleis kroppen fungerer, både når han er frisk og når sjukdom rammar. Derfor er anatomi eit av dei viktigaste basisfaga innan utdanninga av legar. Faget speler også ei sentral rolle i utdanninga av andre som skal arbeide innanfor helsevesenet, slik som sjukepleiarar og hjelpepleiarar, fysioterapeutar og ergoterapeutar, radiografar og bioingeniørar osb.
Anatomifaget er stort, og detaljane er mange. Samanhengane er komplekse, og det er vanskeleg å tileigne seg den nødvendige forståinga og oversikt. Sjølv om lærebøker, modellar og plansjar er gode, og sjølv om moderne teknologi har fått fram nye læringsmidlar, klarer ikkje dette å formidle dei praktiske sidene ved anatomien. Derfor er det framleis heilt nødvendig å bruke vevsmateriale som stammar frå verkelege menneske.
Anatomi i medisinsk forsking
Menneskets anatomi er i hovudtrekka nøye beskriven. Likevel er det framleis slik at ein del anatomiske detaljar er mindre godt kjent. Særleg er det behov for å kartleggje korleis nokre viktige anatomiske strukturar varierer frå individ til individ, og kor vanleg dei ulike variantane er i ei gitt befolkning. Slike spørsmål kan ein finne svar på ved å undersøkje døde lekamar.
Samfunnsmessig betydning
Fordi det er av så stor samfunnsmessig betydning, har Stortinget vedteke ei lov som seier at dei anatomiske lærestadene ved universiteta våre kan bruke materiale frå døde menneske til undervisning og forsking. Føresetnaden er at vedkommande sjølv har gitt løyvet sitt. Vi har derfor ei ordning med skriftleg avtale om donasjon av lekam.
Spørsmål og svar
Dersom du har fylt 18 år, kan du sjølv velja å inngå avtale om at instituttet kan bruka lekamen etter at du er død. Det er inga øvre aldersgrense for slike avtalar. Sjølv om det ikkje er eit absolutt krav, bør du diskutera saka med dine næraste, slik at dei kjenner til avtalen og veit kva den inneber.
Når du har bestemt deg, fyller du ut et standardisert Avtaleskjema for donasjon av legeme, som du sender til instituttet, på den adressen som står påtrykt på skjemaarket. Hvis du vil ha tilsendt skjema med frankert svarkonvolutt, kan du sende en forespørsel på e-post til legemedonasjon@ntnu.no, eller du kan ringe telefonnummer 72 57 32 00 eller 918 97 991.
Når du har bestemt deg, fyller du ut eit standardisert Avtaleskjema for donasjon av lekam, som du sender til instituttet, på den adressa som står på skjemaet. Viss du vil ha tilsendt skjema med frankert svarkonvolutt, kan du sende ein førespurnad på e-post til legemedonasjon@ntnu.no, eller du kan ringje telefonnummer 72 57 32 00 eller 918 97 991.
Avtalen er ikkje juridisk bindande. Dersom du angrar deg, står du fritt til å seie den opp når som helst du måtte ønskje det, utan å gi nokon grunn. Det einaste du må gjere, er å skrive ein kort beskjed, som du sender med vanleg post. Du vil i løpet få dagar få eit brev med stadfesting på at vi har fått meldinga og at namnet ditt er stroke frå listene.
Vi arkiverer alle gjeldande avtaleskjema og oppbevarer ei liste med namn og adresse på dei som har inngått avtale, og dessutan dei pårørande som er oppgitt. Alle dokument og lister blir oppbevarte med streng inngangskontroll, slik at det berre er eit fåtal personar som har tilgang til dei. Studentar og forskarar som skal bruke vevsmateriale, får aldri opplysningar om donators identitet.
Vi er ikkje avhengig av slike opplysningar for å kunne nytte lekamen, og det er derfor heller ingen vilkår at du gir frå deg opplysningar som du helst vil halde for deg sjølv. I nokre tilfelle kan det likevel vere nyttig for oss å vite om kva sjukdommar ein donator har gått gjennom. Dersom du synest det er uproblematisk, vil vi gjerne at du opplyser om du har hatt alvorlege sjukdommar, eventuelt at du gir oss lov til å hente utskrift av sjukejournalen din.
Avtalen er ikkje juridisk bindande. I praksis er vi uansett avhengig av samarbeid med dei etterlatne for å gjennomføre dei prosedyrane som trengst. Om nære pårørande skulle ha sterke innvendingar mot at lekamen blir overlate til instituttet, vil vi ikkje insistere på at avtalen skal oppfyllast.
Det er tilstrekkeleg at dei etterlatne på vanleg måte tek kontakt med eit gravferdsbyrå straks etter dødsfallet, og at dei opplyser byrået om at du har inngått ein avtale om donasjon av lekam. Ut over dette inneber avtalen ikkje noko ekstra bryderi eller nokon oppgåver ut over dei som normalt følgjer med eit dødsfall i familien.
Instituttet gir inga økonomisk motyting, verken til dei som inngår donasjonsavtale eller til pårørande deira, ut over det at vi dekkjer kostnadene ved sjølve kremasjonen og eventuelt ved sending av asken. Utdanninga av helsepersonell er avhengig av personar som er villige til yte denne ekstra innsatsen for fellesskapet, utan anna påskjønning enn vissa om å ha bidrege til at neste generasjon òg får ei god helseteneste.
Verken du sjølv eller familien vil bli påført nokre ekstra utgifter. Avtalen inneber ingen økonomiske utlegg ut over dei som normalt følgjer med eit dødsfall, det vil seie utgifter til kiste og eventuell gravstein, og dessutan betaling til gravferdsbyrået for tenester i samband med stell av den døde og gjennomføring av eventuell seremoni.
Gravferdsbyrået transporterer lekamen til instituttet i kiste. Her blir lekamen balsamert ved hjelp av kjemikaliar, slik at alle nedbrytningsprosessar blir stansa. Deretter vil lekamen bli nøye undersøkt av medisinske studentar og andre som i yrket sitt har behov for å lære seg korleis menneskekroppen er bygd opp. I nokre tilfelle kan lekamen også bli brukt i medisinsk forsking og utvikling, for å auke kunnskapen vår om sjukdom og helse.
For å kunne bruke lekamen, er vi avhengig av at det blir sendt til instituttet så raskt som mogleg og ikkje seinare enn to døgn etter at døden er tredd inn. Vi er også avhengig av at lekamen er intakt for å kunne gjennomføre balsameringa. Dette betyr at ved visse ulykkesdødsfall, kan vi ikkje ta imot lekamen. Nokre gonger kan det vere at politiet ønskjer å undersøkje lekamen som ledd i etterforsking, og i slike tilfelle vil vi ikkje kunne bruke det. Det kan også unntaksvis vere aktuelt å takke nei til ein lekam av medisinske årsaker, eller avgrensa kapasitet for mottak og oppbevaring.
Lekamen blir lagt tilbake i den same kista som det låg i då det vart transportert til instituttet. Instituttet kontaktar dei pårørande som er oppført på avtaleskjemaet, og kista blir send til krematoriet.
Instituttet vil vanlegvis nytte lekamen over ein periode på inntil to år, men nokre gonger kan det gå lengre tid. Donator kan eventuelt setje ei grense for kor lenge lekamen kan behaldast ved instituttet.
Av erfaring kan det opplevast særleg belastande for pårørande å sjå igjen kista så lenge etter dødsfallet. Derfor tilrår instituttet at ein vel kremasjon. Det kan også vere at dei lokale kyrkjegardsstyresmaktene ikkje ønskjer at balsamerte lekamar skal gravleggjast. Dersom du likevel skulle ønske gravferd, må du derfor leggje saka fram for kyrkjeverja.
Dersom du har eit ønske om oskespreiing, kan du oppføre dette i avtalen. Du, eller dine næraste, må søkje om løyve til oskespreiing hos Fylkesmannens kontor i heimfylket ditt.
Lekamen må sendast til instituttet innan 2 døgn etter dødsfallet. Bisetjing (jordpåkasting) eller tilsvarande seremoni kan finne stad dersom det kan skje innanfor denne fristen. Dersom nokon i familien eller andre pårørande av ulike årsaker ikkje rekk å delta på ein seremoni innan 2 døgn, kan ein avtale at det blir ein minnestund halden seinare, men dette må i så fall gå føre seg utan at avdøde er til stades. Om det skulle vere ønskjeleg, kan eit gravferdsbyrå hjelpe ved gjennomføringa.
Det er ingenting i vegen for at du kan inngå avtale om legemedonasjon og samtidig vere organdonator. Det er i alle fall berre i sjeldne tilfelle av ulykkesdødsfall at organ kan brukast til transplantasjon. Dersom det skulle bli aktuelt med organdonasjon, vil det naturlegvis bli prioritert framfor legemedonasjonen. Meir informasjon om organdonasjon finn du på nettsida til Stiftinga Organdonasjon.
Kontakt
Institutt for klinisk og molekylær medisin
NTNU Fakultet for medisin og helsevitskap
7491 Trondheim
72573200 eller 91897991
Bur du ikkje i Midt-Noreg?
Ta kontakt med ditt næraste universitet for meir informasjon om lekamsdonasjon
Avtale om donasjon av lekam
Om du ønskjer kan du avtale med NTNU at når du ein gong dør så kan lekamen din brukast til forsking og undervisning.
Avtaleskjema finn du her: