Institutt for tverrfaglige kulturstudier
Det humanistiske fakultetet
Institutt for tverrfaglege kulturstudiar
Institutt for tverrfaglege kulturstudiar (KULT) driv kultur- og samfunnsforsking innanfor ei rekkje fagfelt, og vi har godt etablerte samarbeid med mange andre fagmiljø ved NTNU. Forskninga og undervisninga vår dekkjer fleire humanistiske og samfunnsvitskaplege fag, og våre hovudsatsingsområde er vitskaps- og kulturstudium og kjønn, likestilling og mangfald. Instituttet har ein ung, internasjonal og engasjert stab med eit breitt kontaktnett både nasjonalt og globalt, og vi har svært mange eksternfinansierte forskingsprosjekt på mange ulike felt.
Doktorgradsutdanning
Forsking
Vi driv primært med forsking innanfor dei to fagområda teknologi- og vitskap og kjønn og mangfald.
Studiar
Vi tilbyr enkeltemne, årsstudium og masterstudium innan faga "Kunnskap, teknologi og samfunn" og "Likestilling og mangfald"
Vidareutdanningskurs
Instituttet tilbyr den nye spesialiseringa Berekraft, omstilling og inkludering (BOI) under paraplyen Master i organisasjon og ledelse (MORG). Spesialiseringa består av fire enkeltemne på 7,5 studiepoeng som også kan takast enkeltvis. Emna blir organisert gjennom NTNU Videre.