Om Institutt for samfunnsmedisin og sykepleie - Fakultet for medisin og helse
Om Institutt for samfunnsmedisin og sjukepleie
Se filmen for en introduksjon av instituttet:
Betre folkehelse er visjonen til instituttet som skal bidra til realisering av NTNUs visjon Kunnskap for ei betre verd. Her kan du lesa og lasta ned strategien til instituttet for 2018-2025.
Institutt for samfunnsmedisin og sjukepleie (ISM) skal utvikla kunnskap, kompetanse og løysingar som bidreg til god helse i eit regionalt, nasjonalt og globalt perspektiv. Me skal bidra til kunnskap for å minska helseforskjellar og for meir rettferdig fordeling av kunnskap og ressursar. Klimaproblematikken er ein av det moderne samfunnets viktigaste utfordringar og som også vil gi helsemessige utfordringar.
Me skal utvikla kunnskap, kompetanse og bidra til verdiskaping av høg kvalitet til nytte i helsetenesta og folkehelsearbeidet, og dessutan utvikla ny kunnskap som bidreg til ei meir rettferdig verd, i samsvar med FNs berekraftsmål.
Institutt for samfunnsmedisin og sjukepleie har eit særleg ansvar for utdanning, forsking, innovasjon og formidling innanfor sjukepleie, samfunns- og allmennmedisin- og folkehelseområdet nasjonalt og globalt. Viktige forskingsområde for oss er:
- folkehelse og sjukdommars førekomst og årsaker
- konsekvensar av sjukdom og behandling
- helse- og velferdstenesteforsking
- befolkningsbaserte helseundersøkingar
Etikk, kommunikasjon og anvende vitskaplege metodar står sentralt i alle desse områda. Les meir om forskingsaktiviteten ved instituttet.
Instituttverksemda omfattar ulike fagområde som
- allmennmedisin
- arbeids- og sosialmedisin
- sjukepleie
- helse- og velferdstenester
- helsekommunikasjon
- sjukdommars utbreiing og årsaker (epidemiologi)
- helsefremjande og førebyggjande helsearbeid
- global helse
- etikk
Helseundersøkelsen i Trøndelag (HUNT) er sentral i forskings- og formidlingsaktiviteten til instituttet, og datainnsamlinga til HUNT4 vart avslutta i 2019. HUNT vart ein del av NTNU i 2001 og er i dag organisert under Institutt for samfunnsmedisin og sjukepleie.
HUNT-senter for molekylær og klinisk epidemiologi høyrer også til instituttet.
Utdanning
Sentrale delar av profesjonsstudiet i medisin, heile bachelorutdanninga og vidareutdanningane i sjukepleie, masterprogram i folkehelse, masterprogram i global helse, yrkesfaglærarutdanning - studieretning helse- og oppvekstfag, og dessutan fleire ulike emne på ph.d.-, master- og bachelornivå høyrer til instituttet. Les meir om studietilboda våre.
Institutt for samfunnsmedisin og sjukepleie er vertsinstitutt for Eining for helsefagleg simulering.
Strukturen og historikken til instituttet
Institutt for samfunnsmedisin og sjukepleie vart oppretta 1. januar 2017. Det består av tidlegare Institutt for samfunnsmedisin (NTNU), Institutt for sjukepleievitskap (Høgskulen i Sør-Trøndelag - Hist) og deler av tidlegare Institutt for sosialt arbeid og helsevitskap (NTNU).
Instituttet er eitt av fleire institutt ved Fakultet for medisin og helsevitskap ved NTNU. Me har rundt 340 tilsette i faste og mellombelse stillingar hos oss. Her finn du ei oversikt over alle tilsette.
Me har ansvaret for 1000 sjukepleiestudentar i bachelor og vidareutdanning, 150 masterstudentar og 125 ph.d.-kandidatar. Fakultet for medisin og helsevitskap har 675 medisinstudentar som er innom undervisninga til instituttet på ulike tidspunkt i profesjonsutdanninga.
Me er samlokaliserte med Øya helsehus og universitetssjukehuset St. Olavs Hospital, noko som gir oss ein unik tilgang på sterke fagmiljø og gode praksisstudiestader. Me har også eit omfattande samarbeid om utdanning, fagutvikling og forsking med Trondheim kommune og andre kommunar i Trøndelag og Møre og Romsdal.
Kontakt oss
Ledelse
Finn oss her:
Øya Helsehus, Mauritz Hanssens gate 2
Samfunnsmedisinbygget, Håkon Jarls gt.11
Postadresse:
NTNU, Fakultet for medisin og helsevitenskap
Institutt for samfunnsmedisin og sykepleie
Postboks 8905, 7491 Trondheim
Visjon og strategi
Utvidet ledergruppe
Utvidet ledergruppe ved instituttet.