Pårørende i litteratur og kunst
Pårørende i litteratur og kunst
Forskingsgruppa utforskar framstillingar av pårørande i ulike medium, med vekt på litteratur og kunst. Vi er interesserte i å undersøkje kva for innsikter litteratur og kunst kan gje oss i problemstillingar knytte til helse, omsorg og fellesskap, og i kva eit pårørandeperspektiv på litteratur og kunst kan synleggjere om desse temaa.
Ordet ‘pårørande’ kjem frå dansk og viser til ein «person som tilhøyrer nokon sin næraste familie eller på annan måte står denne nær (særleg brukt i samband med sjukdom, ulukke eller død)». Det er ein grunnleggjande relasjonell og situasjonsbestemt identitet, som ikkje er bestemt av ein eigenskap eller tilstand som pregar den pårørande sjølv, men i staden av å vere nær ein annan som lir eller døyr. Omgrepet er interessant fordi det ikkje berre viser til ei omsorgsrolle eller ein slektskap (som dei engelske termane next of kin / caregiver og dei franske soignant.e/aidant.e), men også til at dette verkar inn på ein. Kompleksiteten i pårøranderolla, og dei kulturelle og sosiale forventingane knytte til ho, gjer rolla til eit interessant utgangspunkt for humanistisk forsking. Korleis relaterer til dømes denne rolla seg til pasientrolla, og korleis tek «pårørandelitteraturen» omsyn til etablerte sjangrar, strøymingar og forskingsfelt som patografien, sjukdomslitteraturen og narrativ/grafisk medisin?
Vi arbeider særleg med litterære tekstar (inkludert sakprosa, barne- og ungdomslitteratur og teikneseriar), men er også interesserte i film, biletkunst og andre medium og kunstformer.
Forskingsgruppa tek utgangspunkt i litteraturvitskap, men arbeider tverrfagleg og går i dialog med forskingsfelt som kulturstudiar, omsorgsetikk, narrativ medisin, grafisk medisin, humanistisk helseforsking (Health/Medical Humanitites) og utdanningsforsking.
Gruppen er tilknytta prosjektet Pårørenderollen og litteratur som remedium.
-
Suzanne Bordemann Førsteamanuensis
+4741609635 suzanne.bordemann@ntnu.no Institutt for språk og litteratur -
Sidsel Boysen Dall Stipendiat
73592406 sidsel.b.dall@ntnu.no Institutt for språk og litteratur -
Cecilie Ellefsen Universitetslektor, koordinator Nattergalen
73592414 +4799299513 cecilie.ellefsen@ntnu.no Institutt for sosialt arbeid -
Anja Johansen Rådgiver
73412644 anja.johansen@ntnu.no Seksjon for forskningsstøtte, data og analyse -
Ingvild Hagen Kjørholt Professor
73412920 +4797790947 ingvild.hagen.kjorholt@ntnu.no Institutt for lærerutdanning -
Tatjana Kielland Samoilow Professor i norskdidaktikk
73412327 +4746418530 tatjana.samoilow@ntnu.no Institutt for lærerutdanning -
Wigdis Helen Sæther Dosent
73412299 wigdis.h.sather@ntnu.no Institutt for psykisk helse -
Filippa Christina Widahl Stipendiat
+4773559771 +4741566192 filippa.c.widahl@ntnu.no Institutt for språk og litteratur -
Zsofia Domsa Førsteamanuensis
73559938 +4746501175 zsofia.domsa@ntnu.no Institutt for språk og litteratur