Instituttillitsvalde
- Tea Elisabethdotter Anda
- Tomas Andersen
- Magnus Jørgensen
- Emily Mannsåker
- Andrea Jorde Petersheim
Studentdemokratiet blir representert gjennom instituttillitsvalde (ITV) og programtillitsvalde (PTV).
Studentane vel ITV-ar kvart semester. I vårsemesteret blir tre studentar valde, og i haustsemesteret blir to studentar valde. Dei arbeider mellom anna med studietilbod og læringsmiljø. ITV-ane er tilknytta Studentrådet ved SU.
Viss du har innspel eller spørsmål om studiet eller om rettane dine som student, kan du kontakte ein av ITV-ane dine. Du kan kontakte ITV-ane ved Institutt for lærerutdanning på e-post.
Viss du har spørsmål om studieprogrammet ditt, kan du òg kontakte PTV-en din. Alle ITV-ar og PTV-ar har teieplikt.
Har du tilbakemelding i enkeltemne, kan du ta direkte kontakt med referansestudentane for det aktuelle emnet ditt. Dei kan ta saker vidare til programtillitsvalde eller instituttillitsvalde viss det er naudsynt. Du kan finne ut kven som er referansestudent for eit emne på emnesidene i Blackboard.
Gjelder tilbakemeldinga di avvik (dvs. saker som ikkje gjeld undervisninga direkte), kan du bruka NTNU sitt elektroniske avvikssystem.
Mari Olafsen Elman, 2025/2026
Hierarkisk oversyn over studentdemokratiet ved NTNU:
Ein ITV
Facebook-sida til dei studenttillitsvalde ved Institutt for lærarutdanning.