Læreraksjonen

Illustrasjon sidetopp med teksten "læreraksjonen 1942". png


Til minne om læraraksjonen i 1942

Institutt for lærarutdanning

Til minne om læraraksjonen i 1942


Høyr podcasten "Lærarkrigen mot Quisling" på Spotify


I 2022 er det 80 år sidan lærarar over heile Noreg aksjonerte mot nazifisering av skulen i det okkuperte Noreg. Ved NTNU gjennomfører Institutt for lærarutdanning ei rekke arrangement gjennom året for å minnast denne viktige ikkje-valdelege aksjonen.

Okkupasjon

Noreg vart okkupert av Tyskland 9. april 1940. I februar 1942 vart den norske nazisten Vidkun Quisling ministerpresident i Noreg. I tillegg til å leia regjeringa overtok han dermed også Stortinget si rolle som lovgivar i det okkuperte Noreg. Dei aller første lovene som Quisling vedtok etter oppnemninga som ministerpresident handla om å få kontroll over skulen og ungdommen.

Kamp om skulen

5. februar 1942 kom lova om at alle lærarar hadde plikt til å vere medlem av organisasjonen Norges Lærersamband, som var styrt av partiet Nasjonal Samling. Samtidig kom også ei lov om at alle norske ungdommar måtte meldast inn i Nasjonal Samlings ungdomsfylking (NSUF), ein parallell til  Hitlerjugend i Tyskland. Med desse to lovene ville Quisling sikre at den oppveksande generasjonen skulle møte eit nazistisk verdssyn både i skulen og på fritida.   Norske lærarar innsåg at dette var ein nasjonal kamp for åndsfridom og framtid. Det var avgjerande å hindre at ungdom i Noreg skulle bli oppdratt i nazistisk ideologi.

Fengsling og tvangsarbeid

I ein omfattande aksjon den 20. februar 1942 sende om lag 9 000–11 000 lærarar over store delar av landet likelydande brev til Quislings Kyrkje- og undervisningsdepartement der dei fortalde at dei nekta å bli medlem i lærarsambandet. Lærarar og foreldre organiserte også ein massiv brevprotest mot innmelding av norsk ungdom i NSUF.

Som svar på aksjonen blei 1 100 lærarar fengsla og internert i fangeleirar. 650 lærarar blei sende til tvangsarbeid i Kirkenes der dei vart verande i åtte månader.

Effektivt opprør

Læraraksjonen var eit effektivt ikkje-valdeleg opprør mot okkupasjonsmakta, og aksjonen førte til at Vidkun Quisling til slutt måtte gi opp forsøket på få kontroll over skulen.

Historia om læraraksjonen under andre verdskrig er ei viktig påminning om at lærarar kan spela ei avgjerande rolle for demokratisk utvikling.

Aktivitetar

Institutt for lærarutdanning markerer 80-årsminnet gjennom ei rekke ulike aktivitetar gjennom 2022, som blant anna foredrag, filmvising, kronikk og podcast. Vi har også samla tips til bøker og ressursar som lærarar kan nytte dersom dei ønsker å arbeide med dette temaet i skulen.

Dersom du ønsker foredrag om læraraksjonen kan du gjerne ta kontakt med oss.


Ressurser og aktiviteter læreraksjonen

Framvising av filmen av Teachers protest /samarbeid med Kosmorama

I mars 2022 blei studentar og tilsette ved Institutt for lærarutdanning invitert til ei framsyning av dokumentarfilmen «The Teachers´ protest». Arrangementet var eit samarbeid med Kosmorama – Trondheim internasjonale filmfestival. Om lag 90 personar møtte opp.

Etter filmen blei det mogleg å stille spørsmål og gi kommentarar frå salen, leia av universitetslektor Martin Øystese.


NTNU Kveld

I april 2022 deltok arbeidsgruppa på NTNU Kveld med framlegget "Krig i klasserommet – 1942 og nå?". Foredragshaldarane var Nils Edward Naastad, Unni Eikeseth og Gunnar Grut.

Etter Tysklands okkupasjon av Norge i 1940 var det eit mål for Quisling si NS-regjering å nazifisere skoleverket og norsk ungdom.

Lærarane vart i 1942 pålagd medlemskap i det nyoppretta Lærersambandet. Lærarane organiserte massiv motstand mot okkupantstyret si nyordning. Eit klart flertal melde seg ut av  Lærersambandet, noe som førte til at 1100 lærere ble arrestert, og rundt 500 ble deportert til tvangsarbeid i Kirkenes. Læraraksjonen i 1942 påførde Vidkun Quisling og Nasjonal Samling eit tidlig og viktig nederlag.

Kva kan dagens skole lære av lærarane sin verdikamp i 1942?

Nils Edward Naastad viste gangen i lærarane sin organiserte motstand mot Quisling-regimet sine nazifiserings-forsøk i 1942. Unni Eikeseth viste at forsking og formidling om sivil motstand under krig og okkupasjon hadde vore svakt prioritert. Gunnar Grut pekte på utfordringar skulen i dag står overfor ved nye digitale regime for overvaking og rapportering.

Se straume-opptak av NTNU Kveld: Krig i klasserommet – 1942 og nå?


Kronikk og debattinnlegg

Dei gløymde motstandsheltane i skulen. Kronikk i Aftenposten.

Om krig og gløymsel. Debattinnlegg i Aftenposten.


Foredrag i Kirkenes

Den 27. april markerte Utdanningsforbundet i Troms og Finnmark at det var 80 år sidan lærarane kom fram til Kirkenes. Universitetslektor Martin Øystese haldt foredrag om læraraksjonen under markeringa. Markeringa inneheldt også helsing frå regjeringa, innlegg frå Skolefrontens Fond, og framsyning av filmen «The Teachers´ protest». Det var om lag 100 personar til stades under markeringa. 


Twitter-konto

Martin Øystese og Unni Eikeseth i arbeidsgruppa driver Twitter-kontoen @skolefront1942, som tvitrar hendingar knytt til læraraksjonen på dagen då det skjedde i 1942. Gjennom om lag 300 meldingar kan ein følgje den dramatiske historia frå lova om lærarsambandet kom i februar, brevaksjonen 20. februar, til arrestasjonar, fangetransport med M.S. Skjerstad og straffarbeid i Kirkenes.


Rull-opp (PDF)

Vinteren 2022 vart det lagd en rull-opp med informasjon om Læraraksjonen 1942. Han viser også eit noregskart med tal på arresterte lærarar etter fylke og ei tidsline frå februar til november 1942. Rull opp`en står på NTNU campus Kalvskinnet.

Se rull-opp som Prezi


Utstilling Lysholmbiblioteket med infovideo på internsider

Universitetsbiblioteket på NTNU campus Lysholm lagde våren 2022 ein video og ei utstilling i høve Læreraksjonen 1942.


Podcast

Høyr "Lærarkrigen mot Quisling" på Spotify.


Foredrag for PPU og FPPU

Den 5. og 25. mai heldt universitetslektor Martin Øystese foredraget «Kampen om framtida – Læreraksjonen 1942» på studentkonferansar for studentar på FPPU og PPU. Det var rundt 60 tilhøyrarar ved kvar av foredraga.

Ta kontakt

Ta kontakt

Har du spørsmål eller ønsker et foredrag fra oss, ta kontakt.

Ressursar læreraksjonen

Bøker

Amundsen, & Bjørnstad, J. (1946) Kirkenesferda 1942. Cappelen.

Asbjørn Birkemo. (2000) Kampen om kateteret: skolepolitikk og pedagogikk i Norge 1940-1945. Unipub forlag.

Nicola Karcher (2018) Kampen om skolen: nazifisering og lærernes motstand i det okkuperte Norge. Dreyers forlag

Vegard Kvam (2013). Skolefronten - Einar Høigård og norske læreres kamp mot nazismen. Scandinavian academic press

Nettsider

Lærerstriden, Store norske leksikon

Læreraksjonen i 1942, Wikipedia

Lærarfange i Digitalt museum

Produksjoner fra arbeidsgruppa ved NTNU

NTNU-kveld

Kva kan dagens skole lære av lærarane sin verdikamp i 1942?

Se straume-opptak av NTNU Kveld: Krig i klasserommet – 1942 og nå?

Podcast

Høyr "Lærarkrigen mot Quisling" på Spotify.

Flere læringsressurser fra Institutt for lærerutdanning

Lærer arrestert

Foto: Torgersen
17. april 1942: lærar Svihus (med sovepose) utanfor huset sitt. Han tok del i læraraksjonen, vart arrestert og skal transporterast til Stavanger. Dei fleste menneska på staden, Gandal i Høyland, møtte fram foran huset til Svihus og ved jarnbanestasjonen for å protestere og ta farvel med læraren sin. Bildet med lærar Svihus er henta frå Digitalarkivet(Klikk på bildet for større visning)

Lærere kirkenes

En gruppe menn som står foran et telt. Foto
Kirkeneslærere oktober 1942. Beboere i papptelt nr 1.
Fra venstre: Olav Kvalheim, Kay Piene, Jakob Vaage, Kaare Norum, Olliver Smith, Helge Gleditsch, Harald Wergeland, Olav Storstein, Eivind Esp, KArsten Kjelberg, Haakon Holmboe, Otto Ottesen. (Klikk på bildet for større visning)

lærer fangenskap kirkenes

lærere tvangsarbeid bil

Lærere tvangsarbeid