Om oss

Institutt for IKT og realfag

Om oss

Institutt for IKT og realfag ligg i Ålesund, på Norges mest næringsnære Campus. Vi tilbyr ingeniørstudium innan data, automatisering og intelligente system på bachelornivå, og har eit masterprogram innan mekatronikk og automatisering, samt eit eittårig forkurs for ingeniør- og sivilingeniørutdanning.

God kontakt med næringslivet

Nærleiken til næringslivet går att i undervisninga og forskinga vår. Forskingsaktivitetene er prega av eit særs godt samarbeid med aktørar i næringslivet på Sunnmøre og forskarar frå inn- og utland. Næringslivskontakta vår bidreg til at studentane våre får møte reelle problemstillingar av relevans for arbeidslivet i studiet.


Operativ leiargruppe

Operativ leiargruppe

Operativ leiargruppe er eit rådgjevande organ til instituttleiar i operativ leiing av instituttet. Møtefrekvensen er løypande, ca. ein gong i veka. I tillegg til instituttleiar deltar:

Gunn Helen Hellevik, kontorsjef
Anders Ulstein, nestleiar for utdanning
Agus Hasan, nestleiar for forsking 
Ottar Osen, nestleiar for innovasjon og berekraft
Arne Styve, programansvarleg, data
Robin Trulssen Bye, programansvarleg, automatisering og intelligente system
Arnhild Lunde, realfagskoordinator 
Di Wu, programansvarleg, simulering og visualisering 
Inger Johanne Krohn, Innovasjonsleder
 

Utvida leiargruppe

Utvida leiargruppe er eit rådgjevande organ til instituttleiar i strategiske saker.  Møtefrekvensen er to gonger i semesteret. 

Gruppa blir leia av instituttleiar og består av instituttet si operative leiargruppe supplert med følgjande to valte representantar for fast tilsette i undervisnings- og forskerstilling, éin valt representant for midlertidig tilsette i undervisnings- og forskarstilling, éin valt representant for teknisk-administrativt tilsette og to valte studentrepresentantar:

Professor Hans Georg Schaathun (fast tilsett i undervisnings- og forskerstilling)
Universitetslektor Arnhild Lunde (fast tilsett i undervisnings- og forskerstilling)
Stipendiat Øystein Bjelland (midlertidig tilsett i forskerstilling)
Tuva Magritt Molvær (fast tilsett i teknisk administrativ stilling)
Herman Økern Slettum (instituttillitsvalt)
Sander Grimstad (instituttillitsvalt)
 

Andre medverkande organ

Allmøte
Forum for tilsette i undervisnings- og forskerstilling

 

 

 

Kontakt oss

Kontakt oss

Rune Volden
Instituttleiar
 


Henvendelser


person-portlet

Besøk oss

Besøk oss

Kart over Ålesund. Illustrasjon

Besøks og leveringsadresse

2. etasje i B-blokka,
Larsgårdsvegen 2
Ålesund 

Postadresse 

Institutt for IKT og realfag,
NTNU i Ålesund,
Postboks 1517,
6025 Ålesund

IIRs histore

Historien om Institutt for IKT og realfag

Lær mer om vår histore – fra 60-tallet til i dag