Kompetanseprofiler


Kompetanseprofiler i kulturminneforvaltning (BA)

Kompetanseprofiler i kulturminneforvaltning (BA)

K1 – Har brei kunnskap om det kulturminnefaglige feltet

Programmet er tverrfaglig med emne frå disiplinfaga arkeologi, geografi, historie og kunsthistorie i tillegg til programspesifikke emne som lokalhistorie med arkivkunnskap, museologi, kulturminnerett og bygningsvern og ein hospiteringsperiode på fire veker.

K2 – Kan analysere kulturminnefaglige problemstillingar og vurdere kjelder kritisk

Programmet er praksisnært der mange av oppgåvene på dei ulike emna tar opp aktuelle problemstillingar frå praksisfeltet, ofte med grunnlag i ekskursjonar og/eller feltarbeid. Ikkje minst gir bacheloroppgåva, skrive etter hospitering ved ein relevant institusjon, trening i å drøfte praksisrelaterte problemstillingar på eit relevant kjeldegrunnlag.

K3 – Har kunnskapar om teori, metode og etikk på fagfeltet

Programmet gir innføring i relevante teoriar, metodar og prinsipp gjennom heile løpet, herunder forskings- og yrkesetikk. Kandidatane blir testa i teori, metode og etiske retningslinjer gjennom seminardiskusjonar, øvingsoppgåver og eksamen.

K4 – Har innsikt i sentral forsking på fagfeltet

Gjennom forskingsbasert undervising får kandidatane innsikt i sentrale forskingstema, historiske og dagsaktuelle, og får arbeidd med dette gjennom oppgåver og eksamen. Arbeidet med bacheloroppgåva gir innsikt i forsking på ein bestemt del av kulturminnefeltet.

K5 – Kan formidle og drøfte faglige perspektiv munnlig og skriftlig

Kandidatane har trening i munnlige framlegg ved gruppearbeid og seminar og skriftlige framstillingar i ulike sjangrar gjennom introduksjonsemne og emne som museologi og bygningsvern.

K6 – Kan arbeide målretta, sjølvstendig og systematisk, og har trening i teamarbeid

Kandidatane har gjennom ulike læringsaktivitetar og vurderingsformer fått trening i å arbeide fokusert og systematisk. Noen av emna har gruppebasert arbeid eller seminar der oppgåver skal løysast i fellesskap, skriftlig og/eller munnlig: bygningsvern, museologi og kunsthistorie.

K7 – Kan nytte relevante verktøy og plattformar for innhenting og bearbeiding av informasjon

Kandidatane har noko kjennskap til registrerings- og vurderingsverktøy og har erfaring med kunnskapsinnhenting, også frå originalkjelder, særlig i emna bygningsvern og lokalhistorie med arkivkunnskap.

K8 – Har erfaring med og innsikt i tverrfaglig samhandling

Kandidatane har erfaring i samarbeid med studentar på emne frå ulike disiplinfag i tillegg til at fleire av dei programspesifikke emna har studentar frå andre fag. Det gjeld introduksjonskurset, kursa i museologi, bygningsvern og lokalhistorie med arkivkunnskap.

K9 – Kan nytte faglig innsikt til å analysere og drøfte problemstillingar knytt til store og komplekse samfunnsutfordringar

Forvaltning av kulturarven for kunnskap og oppleving og som materiell og miljømessig ressurs er sentralt i studiet og gir grunnlag for å bidra inn i diskusjonar om mange av dei utfordringane som samfunnet står ovafor.

K10 – Kan kommunisere og aktualisere eigen kompetanse

Kandidatane har trening i å kommunisere eigen kompetanse i samansette studentgrupper og i arbeidsmiljøet på hospiteringsstaden.

K11 – Kan nytte og vidareutvikle eigen kompetanse i stadig nye kontekstar, også i eit framtidsperspektiv

Bachelorkandidatane har erverva seg fagspesifikk studiekompetanse og har dessutan tileigna seg ei rekke generelle ferdigheiter som gjeld kunnskapsinnhenting, kritisk vurdering, munnlig og skriftlig framstillingsevne og evne til å arbeide både sjølvstendig og i team. I høve til det kulturminnefaglige feltet har kandidatane erverva grunnleggjande bestillarkompetanse.