Vitforum

Institutt for filosofi og religionsvitskap

Vitforum

Vitforum (Vitskapsteoretisk forum) søker å fremje grunnleggjande faglege diskusjonar på tvers av disiplinære og institusjonelle skiljelinjer ved NTNU. Studentar og andre interesserte, uavhengig av fagleg bakgrunn eller tilknyting, er spesielt velkomne.

Møta finn stad annakvar veke i semesteret på Habitat (Olav Tryggvasons gate 30) frå 18 til 20, viss ikkje anna er oppgitt.

Mini calevent portlet

Arrangement

Om vitforum

Om vitforum

Vitskapsteoretisk forum blei starta opp i 1982 og leia i mange år av Helge Høibraaten. Vitskapsteori omfattar både vitskapsfilosofi, vitskapshistorie, vitskapssosiologi og andre former for vitskapleg studium av vitskap, og blir forstått i vår samanheng svært vidt. Spesielt ønskjer forumet å huse relevante og samfunnsaktuelle diskusjonar rundt vitskapens og fagdisiplinanes filosofiske og normative grunnlag, forholdet mellom dei ulike vitskapstradisjonane, forholdet mellom vitskap og etikk/politikk, samt forholdet mellom vitskap og teknologi, vitskap og kunst, og vitskap og innovasjon.