Forum for feministisk filosofi
Forum for feministisk filosofi
“Ein fødast ikkje som kvinne, ein blir det”, skriv Simone de Beauvoir i boka Det andre kjønnet frå 1949. Kjønn er tvitydig, noko som er reflektert i våre handlingar og måtar å persipere, relatere, tale og omtale kvarandre på. Forum for feministisk filosofi vil ta for seg ulike aspekt ved feministisk tenking omkring, kjønn, seksualitet, kropp, subjekt-danning, politikk og makt. Perspektiva vil omfatta fenomenologiske, så vel som psykologiske, psykoanalytiske og seinare post-strukturalistiske og diskurs-teoretiske perspektiv på kjønn.
I dagens samfunn og kultur bryt tradisjonelle ideal og oppfatningar omkring kjønn mot tendensar til større openheit og tvimeining. Finst det naturlege kjønnet? Eller er kjønn og kjønna eksistens måtar å handla på i tråd med etablerte kulturelle normer og ideal? Korleis blir kjønnet etablert sjølv i relasjonar til andre? Og på kva måte er kjønn knytt til makt? Korleis gjer kjønn og eit kjønna perspektiv seg gjeldande i populærkultur, så vel som i litteratur, film og annan kunst? Finst det eit feminint subjekt? Eller ein feminint politisk ståstad? Korleis gjer erfaringar med eigen kroppslegheit seg gjeldande i ein etisk og identitetspolitisk diskurs?
Forumet har som formål å inspirere til debatt og refleksjon omkring kjønn, makt og seksualitet, i tillegg til å samle studentar på tvers av fag for fruktbar fagleg utveksling. Seminaret skal vere ope og ha låg terskel. Diskusjonane vil ta utgangspunkt i presentasjonar frå studentane sin side eller tilsette med faglege perspektiv på feminisme. For å få tilgang på tekstar og anna materiale må ein registere seg på seminaret si emne-side i Blackboard ved å sende e-post til Ståle Finke.
Samarbeidspartnarane våre er: Kvinnenettverket ved Institutt for filosofi og religionsvitskap ved NTNU, Senter for tverrfagleg kjønnsforsking (UiO) og Senter for kjønnsforsking ved Institutt for tverrfaglege kulturstudium ved NTNU.
Arrangement
8.4.24: Den Grønne Sykkelen (Haifaa Al-Mansour, 2012): Filmvisning og samtale
18.3.24: Feministisk epistemologi: Sandra Harding, ståstedsteori og sterk objektivitet
26.2.24: Edward Said – Orientalismen, humanitet og vestens vilje til viten
12.2.24: En politikk for fremmedgjøring - Xenofeminisme
13.3.23: Kristin Gjesdal - "Slår hjertet ennå menneskelig? – Clara Zetkin om feminisme, kapitalisme og antifascisme"
20.2.23: Kine Fjeldheim - "Erfaring som «svakhet» i filosofi: Eva Feder Kittay, en feministisk omsorgsetikk"
30.1.23: Ståle Finke og Oda Davanger - "Wendy Brown: No Future for White Men?"
24.10.22: Psykoanalyse og spørsmålet og kvinnelig seksualitet - Innledning ved Thomas A. Kadim
26.9.22: Feminisme og (en)-aktivisme - Innledning ved Silje-Marie Normann Svendsen
5.9.22: Beauvoir og “The Situation of Women Today” - Innledning ved Ståle Finke og Filippo Venanzi
Ansvarlig seminarleiar:
Forumets komité:
-
Jørgen Røysland Aarnes Post-doc
jorgen.r.aarnes@ntnu.no Institutt for energi- og prosessteknikk -
Oda Karoline Storbråten Davanger Stipendiat
oda.k.s.davanger@ntnu.no Institutt for filosofi og religionsvitenskap -
Rebecca Bakken Higgs
rebecca.higgs@ntnu.no -
Ingvild Høydal
ingvihoy@stud.ntnu.no -
Thomas Arli Kadim Oppdrag gjesteforeleser
73559332 thomas.a.kadim@ntnu.no Institutt for filosofi og religionsvitenskap -
Siilje-Marie Normann Svendsen Student
siilje.m.svendsen@ntnu.no