Om oss – Institutt for elkraftteknikk
Om oss
Instituttet har omlag 83 tilsette innan vitskapelege stillingar, 11 tilsette i tekniske stillingar og åtte administrativt tilsette. Dei fleste av våre tilsette har arbeidsplass Campus Gløshaugen, men vi har også to tilsette som held til på Campus Gjøvik.
Vi har eit breitt spekter med fagfolk som på ulikt vis driv med elektrisk energi. Det gir oss unike føresetnader til tverrfagleg forsking. Vi har fem forskingsgrupper med ansvar både for forsking og undervisning innan sine område, men som også jobbar på tvers i prosjekt. Vi tilbyr studieprogram på bachelor-, master- og ph.d.-nivå.
Instituttet arbeider i nært samarbeid med industripartnarar for å utvikle teknologi for produksjon av elektrisk energi frå fornybare energikjelder. Vi skal forske på løysingar for det framtidige kraftnettet. Slike løysingar skal ha høg relevans for samfunnet samtidig som industrielle behov og globale utfordringar også blir vektlagt.
Institutt for elektrisk energi er eitt av sju institutt ved Fakultet for informasjonsteknologi og elektroteknikk.
Visjon
I sentrum for det digitale, grøne skiftet.
Instituttleiinga
Leiing
Forskingsgruppeleiarane og leiar for teknisk stab utgjer, samman med instituttleiinga, leiargruppa på instituttet. Utvida leiargruppe består i tillegg av valde representantar.
Forskingsområder
Forskingsområda er både eksperimentelt og teoretisk retta. Eit studium ved instituttet gir dermed eit solid fundament for vidare utvikling og karriere innan ei rekke ulike område.
Forskings- og undervisningsansvaret er fordelt på faggruppene våre
-
Elektriske maskiner og elektromagnetisme
-
Høgspenningsteknologi
-
Kraftelektronikk – system og komponentar
-
Kraftmarknader og energisystemplanlegging
-
Kraftsystem - drift og analyse
Samarbeid med næringslivet
EnergiKontakten er eit næringslivsnettverk av bedrifter og organisasjonar knytt til teknologistudiet Energi og miljø ved NTNU.
Målet for nettverket er å sikre rekruttering av høgt kvalifiserte sivilingeniørar til energisektoren ved å legge til rette for nær kontakt mellom næringsliv, studentar og faglærearar.
Kontakt oss
Besøk oss
Besøks- og leveringsadresse
Elektrobygget
O. S. Bragstads plass 2E,
E-blokk 3. etasje, 7034 Trondheim
Postadresse
NTNU
Institutt for elektrisk energi
7491 Trondheim