Kjernekrafta si rolle i eit fornybart energisystem (NERES)

IEL strategist prosjekt

Kjernekrafta si rolle i eit fornybart energisystem (NERES)

Kjernekrafta har fått sin renessanse verda over. Det er dei geopolitiske effektane på energiprisar og ønsket om netto nullutslepp innan 2050 som har vore drivarane bak.
 
Institusjonar som MIT, IPCC, og IEA anarkjenner kjernekrafta si rolle i å sørgje for djup avkarbonisering av verda. Ifølgje det internasjonale energibyrået (IEA) sitt nullutsleppsscenario (NZE) vil kjernekrafta måtte doblast innan 2050, som er ein medianverdi av dei analyserte scenarioa.
 
Heile 97 scenario har blitt analysert av IPCC for å avgrense global oppvarming til 1.5 grader. Eitt scenario vurderer nesten ei åttedobling av kjernekrafta før 2050.

Dersom kjernekrafta kjem til å spele ei rolle i framtida si avkarboniserte verd, må ein etablere ei betre forståing av kjernekrafta si betyding saman med fornybare ressursar. Denne kunnskapsutviklinga er i hovudsak det primære målet med dette prosjektet. 

Vårt mål

NERES skal sjå på kjernekrafta frå ein norsk-nordisk synsvinkel. Prosjektet vil avdekke kjernekrafta sin potensielle innverknad på kraftsystemet, der vi har identifisert to kjerneaktivitetar:

  • Kraftsystemstudiar: Analysere kjernekrafta sin påverknad på kraftprisar og kraftflyt, og korleis auka grunnlast-produksjon vil påverke fleksibiliteten i vasskrafta sin regulerbare kapasitet. Eit interessant spørsmål er korleis auka vasskraftfleksibilitet kan balansere høgare andel uregulerbar kraft.  
  • Industrielle applikasjonar: Evaluere kjernekrafta si rolle for kortreist, rein hydrogenproduksjon. Kartlegge teknologisk mognad for å etablere potensialet for hydrogen frå kjernekraft ("rosa hydrogen"). I tillegg vil det potensielle bidraget frå kjernekraft for fjernvarme og andre industrielle prosessar verte analysert, slik som syntetiske nullutsleppsbrensel.

Logo NERES

logo NERES

Nyheiter

Nyheiter

Twitter

Kontakt

Kontakt

Samarbeid

Samarbeid

Vil verte annonsert seinare.

Interessert i å vere med og utvikle eit dynamisk nettverk av industri, næringsliv, forskarar og studentar som saman arbeider for ei utsleppsfri verd?

Næringslivet og industribedrifter ønskast velkomne til å samarbeide med oss. Ikkje nøl med å ta kontakt for å lære meir om vårt satsingsområde.