Bedriftskontakt IDI
Studentane treng oppgåver
Har verksemda di aktuelle master-, bachelor- eller prosjektoppgåver?
Gjennom master-, bachelor- eller prosjektoppgåver får verksemder tilgang til ny kunnskap, høve til å utvikle sine konsept kostnadsfritt og til å bli kjent med studentane våre. Samtidig får studentane arbeidslivserfaring og høve til å etablere relevante nettverk. Ofte endar studentane opp hos verksemdene dei skriv oppgåver for.
Meir enn 50 verksemder gir oss kvart år oppgåver som studentane løyser i ulike delar av studia sine. Det kan vere bachelor- eller masteroppgåver, eller prosjektoppgåver undervegs. Eit oppgåvesamarbeid er ein "vinn-vinn" situasjon for verksemdene, studenten og instituttet.
Sida gjeld for følgande studieprogram:
-
Dataingeniør (bachelor) - Trondheim
-
Digital forretningsutvikling (bachelor)
-
Digital infrastruktur og cybersikkerhet (bachelor) - Trondheim cybersikkerheit
-
Informasjonsbehandling (bachelor)
-
Digital samhandling (master)
Kven tar vi kontakt med når det gjeld oppgåver?
Vi sender invitasjonar til dei vi har oppgåvesamarbeid med i dag og dei vi har hatt samarbeid med tidlegare. Vi oppfordrar også studentane til å kontakte aktuelle verksemder.
Korleis foreslå ei oppgåve?
Alle studentar skal ha fått tildelt ei oppgåve i starten av desember/mai. Alle samarbeidspartnarar får brev frå oss før jul med namn på dei studentane som skal utføre oppgåva, eventuelt med beskjed om at oppgåva ikkje vart vald.
Kva kostar oppgåvene?
Oppdragsgivar får ikkje betaling for det meirarbeidet det er å rettleie studentar. Instituttet krev heller ikkje betaling for det arbeidet studenten utfører. Dersom oppdragsgivar ønsker å få utført vesenteig meir arbeid enn det oppgåva legg opp til, f.eks. helgearbeid eller arbeid etter avtalt levering, bør ein avtale å betale økonomisk vederlag for dette.
Rapportskriving, dokumentasjon og resultat for øvrig
Når oppgåva er ferdig, skal det lagast ein rapport frå arbeidet. Rapporten skal omfatte all dokumentasjon i det oppdraget som er løyst. Krav til dokumentasjon er spesifisert særskilt, og er tilpassa partane i prosessen. Utvikla programvare og dokumentasjon blir levert digitalt.
Opphavsrett
Ved eksterne oppgåver blir det gjort eigne avtaler om opphavsrett for kvare enkelt oppgåve. Dersom det ikkje blir gjort, er det studenten som får retten til resultata av gjennomføringa av bacheloroppgåva.
Teieplikt og etikk
Studentar er underlagt dei same generelle etiske retningslinjer som forskinga generelt (sjå www.ntnu.no/etikkportalen og www.nsd.uib.no) Verksemder kan avtale å bandlegge oppgåver i nokre år slik at arbeidet blir behandla fortruleg av undervisningsinstitusjonen. Oppdragsgivar kan også be studentar om eigen lovnad om å teie.
Oppgåvetype | Beskriving av oppgåvetype | Periode | Kontaktperson |
---|---|---|---|
Master – Digital samhandling Omfang: 1000 timar |
Alle typar oppgåver som på brei basis fokuserer på samhandling støtta av IKT. Typisk fokus: Innføringsprosessar, arbeidspraksisar, arbeidsflyt og koordinering, kunnskapsleiing, e-læring i verksemd. Typiske element: kartlegging, deltakande observasjon, utvikling, evaluering, utprøving.
|
Sep-mai |
|
Bachelor – Dataingeniør Omfang: 500 timar |
Alle typar oppgåver innan system- og programvareutvikling, f.eks. appar, nettstader, databasar, grafikk, programvarebibliotek og generell programvare. |
Januar-mai |
|
Prosjekt – Dataingeniør Omfang: 250 timar |
Samme type oppgåver som over. Blir utført i haustsemesteret, kan fungere som forprosjekt til bacheloroppgåva. |
August-desember |
|
Bachelor – Digital infrastruktur og cybersikkerheit Omfang: 550 timar |
Oppgåver innan virtualisering, skyløysingar, serverkonfigurering, overvaking, databaseserverløysinger, installering av feiltolerante nettverksoppsett. |
Januar-mai |
|
Bachelor – Digital forretningsutvikling Omfang: 550 timar |
Alle typar oppgåver som på brei basis fokuserer på bruk av IT. Oppgåva bør ende opp i anbefalingar om eller vurdering av konsekvensar ved bruk av IT. Typiske oppgåver har element av: Innføring av ny teknologi, digitalisering, endringsleiing, bruk av sosiale medium, IT-strategi, informasjonssikkerheit og brukaropplevingar. Typiske element: kartlegging og undersøking som endar i analyse. |
Januar-mai |
|
Bachelor– Informasjonsbehandling Omfang: 550 timar |
Oppgåver innan webutvikling (dynamiske webløysingar) og programvareutvikling. Andre interessante oppgåver kan handle om kartlegging av bruk av informasjonssystem med tanke på informasjonsflyt, sikkerheit, sosiale medium og liknande. |
Januar-mai |
Oppgåvene har fleire mål:
-
Å løyse ei eksisterande oppgåve som det ikkje er sett av ressurser til.
-
Å vurdere aktuelle kandidatar med data-/informatikkutdanning i høve til ein reell jobbsituasjon, med "gratis" begynnaropplæring før ein eventuell jobb seinare.
-
Å etablere ei kontaktflate mot fagmiljøet ved instituttet.
For studenten:
-
Gi øving i å løyse eller greie ut om ei realistisk oppgåve som brukaren har behov for, innan ei fastlagt tidsramme.
-
Gi øving i å følge standardar i dokumentasjon, og anna kvalitetssikring av programvare og system.
-
Gi praktisk og faglig innsikt i:
-
ny teknologi, infrastruktur, maskinvare, grunnprogramvare, databasesystem, applikasjonsverktøy o.l.
-
Strategisk bruk av IT i aktivitetane til ei verksemd (innføring, bruk, evaluering, tilpassing).
-
installering, drift og sikring av datanettverk.
-
Gi yrkeserfaring og innsikt i brukar- og samhandlingsproblematikk.
-
Gi øving i gruppearbeid og prosjektgjennomføring.
For fageininga:
-
Få kunnskap om aktuelle oppgåver og problemstillingar i verksemdene.
-
Få supplement og korrektiv til utdanninga og undervisninga vår.
-
Etablere kontakt med ulike IKT- og brukarmiljø. Det kan gi breiare fagleg samarbeid med tanke på større utviklingsarbeid og undervisningsoppdrag.
Kven tar vi kontakt med når det gjeld oppgåver?
Vi sender invitasjonar til dei vi har oppgåvesamarbeid med i dag og dei vi har hatt samarbeid med tidlegare. Vi oppfordrar også studentane til å kontakte aktuelle verksemder.
Korleis foreslå ei oppgåve?
Alle studentar skal ha fått tildelt ei oppgåve i starten av desember/mai. Alle samarbeidspartnarar får brev frå oss før jul med namn på dei studentane som skal utføre oppgåva, eventuelt med beskjed om at oppgåva ikkje vart vald.
Kva kostar oppgåvene?
Oppdragsgivar får ikkje betaling for det meirarbeidet det er å rettleie studentar. Instituttet krev heller ikkje betaling for det arbeidet studenten utfører. Dersom oppdragsgivar ønsker å få utført vesenteig meir arbeid enn det oppgåva legg opp til, f.eks. helgearbeid eller arbeid etter avtalt levering, bør ein avtale å betale økonomisk vederlag for dette.
Rapportskriving, dokumentasjon og resultat for øvrig
Når oppgåva er ferdig, skal det lagast ein rapport frå arbeidet. Rapporten skal omfatte all dokumentasjon i det oppdraget som er løyst. Krav til dokumentasjon er spesifisert særskilt, og er tilpassa partane i prosessen. Utvikla programvare og dokumentasjon blir levert digitalt.
Opphavsrett
Ved eksterne oppgåver blir det gjort eigne avtaler om opphavsrett for kvare enkelt oppgåve. Dersom det ikkje blir gjort, er det studenten som får retten til resultata av gjennomføringa av bacheloroppgåva.
Teieplikt og etikk
Studentar er underlagt dei same generelle etiske retningslinjer som forskinga generelt (sjå www.ntnu.no/etikkportalen og www.nsd.uib.no) Verksemder kan avtale å bandlegge oppgåver i nokre år slik at arbeidet blir behandla fortruleg av undervisningsinstitusjonen. Oppdragsgivar kan også be studentar om eigen lovnad om å teie.
Kva er ei masteroppgåve?
Masteroppgåva er slutten på masterutdanninga. Det er no studentane skal ta i bruk det dei har lært på ein vitskapeleg måte. Kunnskap, oppøvd evne og generell kompetanse frå alle faga, utgjer verktøykassa som blir bruka til å utforske, løyse og svare på ei problemstilling på vitskapeleg metodisk vis (=fornuftig og etterretteleg).
Ein fast vitskapeleg tilsett ved NTNU er rettleiar på masteroppgåva. Andre, i og utanfor institusjonen, kan blir bruka som oppgåvestillar, informantar og/eller bi-rettleiar, men ansvaret for det faglege ligg alltid der studenten studerer.
Ei masteroppgåve skal vere eit bidrag til forskinga, men oppgåva er mest av alt ei øving i å lære seg å forske. Det praktiske utbytte kan uansett ha stor verdi både for oppgåvestillar og student og gi god karakter om rapporten gjengir systematisk arbeid og forsvarlege konklusjonar.
Det er stor variasjon i kva ei masteroppgåve inneheld. Fire hovudelement er sentrale i arbeidet:
-
Ei problemstilling – det vil seie kva vi skal finne ut noko om.
-
Ei utgreiing av det relevante, kjente kunnskapsgrunnlaget (teori / ‘state of the art’).
-
Val av metode for å undersøke og skaffe meir kunnskap (teori eller empiri).
-
Ei gjennomføring med rapportering og tydeleggjering av eige bidrag
Vi ønsker å få kontakt med verksemder som vil samarbeide om masteroppgåver. De kan gjerne ta kontakt utan å ha ei klart definert problemstilling. Temaet kan vi lage saman, student, verksemd og rettleiar. I masteroppgåva inngår eit forprosjekt på 15 studiepoeng (SP) om hausten (halv tid) og 30 SP oppgåve om våren (full tid). Samla sett blir det snakk om om lag 1000 timar per person. I det inngår også tid til skriving av rapporten.
Her finn de websider med ulikt blikk på masteroppgåva.
-
Veien til Informasjonskompetanse (VIKO) – Universitetsbiblioteket sine tips om litteratursøk og skriving av oppgåver.
-
En students søken etter et masteroppgave-tema.
Sjå Arne Krokan sitt svar på dette. Eit stykke ned på sida. -
Hvordan de gjør det på naturfag, der empiri/datainnsamling ofte er feltarbeid?
Behandling av forslag til oppgåver
Fagpersonar ved Institutt for datateknologi og informatikk (IDI) godkjenner alle oppgåver. Rettleiar oppnemnt av instituttet er fagleg ansvarleg.
Oppgåvene blir offentleggjort for studentane kort tid etter forslagsfristen og studentane kan så kontakte oppgåvestillerane.
Det er muleg å komme med oppgåver etter fristen, men desse vil då vere tilgjengeleg for studentane i kortare tid.
Sjå tidligare bachelor- og masteroppgåver ved IDI på NTNU Open.
Frist – innmelding av oppgåver
- Master: 1. oktober
- Bachelor: 5. november
- Prosjekt: 31. mai
Studieprogramma
Dataingeniør (Trondheim)
Digital forretningsutvikling
Digital infrastruktur og cybersikkerheit (Trondheim)
Digital samhandling
Linjeforeininga THILDE inviterer bedrifter til å presentere seg for studentane.
Informatikk
Linjeforeininga Online byr på eit breitt spekter av bedriftsarrangement og høve til å profilere seg.
Datateknologi
Linjeforeininga Abakus byr på eit breitt spekter av bedriftsarrangement og høve til å profilere seg.
Dataingeniør (Gjøvik)
Programmering
Applied Computer Science
Linjeforeininga Login byr på fag-, bedriftspresentasjonar og karrieredagar for promotering av verksemder.
Frist – innmelding av oppgåver
Master: 1. oktober
Bachelor: 5. november
Prosjekt: 31. mai
Bedriftspresentasjon
Studieprogrammene
Dataingeniør (Trondheim)
Digital forretningsutvikling
Digital infrastruktur og cybersikkerhet (Trondheim)
Digital samhandling
Linjeforeningen TIHLDE inviterar bedrifter til å presentere seg for studentane
Informatikk
Linjeforeningen Online tilbyr eit bredt spekter av bedriftsarrangement og profileringsmoglegheiter.
Datateknologi
Linjeforeningen Abakus tilbyr eit bredt spekter av bedriftsarrangement og profileringsmoglegheiter.
Dataingeniør (Gjøvik)
Programmering
Applied Computer Science
Linjeforeningen Login tilbyr fag-, bedriftspresentasjonar og karrieredagar for promotering av bedrifter.