HUNT forskningssenter

HUNT forskningssenter

HUNT forskingssenter gjennomfører befolkningsundersøkingar i Trøndelag, driv medisinsk og helsefagleg forsking, forvaltar forskingsdata, og har ein biobank som oppbevarer biologisk materiale og utleverer prøvar til godkjende forskingsprosjekt.

Helseundersøkinga i Trøndelag er Noregs største samling av helseopplysningar om ei befolkning. Data er innsamla gjennom fire befolkningsundersøkingar, og til saman har 250 000 trøndarar samtykka til at avidentifiserte helseopplysningar kan gjerast tilgjengeleg for godkjende forskingsprosjekt. Dette gjer HUNT til ei viktig samling av helsedata og biologisk materiale, også i internasjonal samanheng.

Kombinasjonen av data frå befolkningsundersøkingar og biologisk materiale gir oss høve til å studere samspel mellom genetisk variasjon, livsstil, og miljøpåverknad. Dette kan gi ny kunnskap om sjukdom og helse. Data frå ei totalbefolkning og eit geografisk område gir heilt unike moglegheiter til å studere helse og sosiale forhold i ei befolkning. Deltakarane kjem frå ulike regionar, kommunar, og bustadområde, og er i alle aldrar frå 13 år og oppover. I vår leiting etter nye svar på dagens, og framtidas, helseproblem vil studiar av samspel mellom genetisk disposisjon, livsstil, og miljøpåverknad bli eit svært viktig verktøy.

ISO-sertifisering


HUNT forskningssenter har vore sertifisert etter ISO 9001:2015, "Ledelsessystemer for kvalitet", sidan 2011. Kvalitetssatsinga er eit strategisk val for å sikre høg kvalitet i alle prosessar - frå planlegging av innsamlingar til utlevering av forskingsdata og biologisk materiale.

IFrame

Publikasjonar

Publikasjonar

Research activity