Deltakar i HUNT

Deltakar i HUNT

Helseundersøkingane i Trøndelag (HUNT) er ei stor samling av helseopplysningar og blodprøvar som har som mål å finne ut kvifor nokre blir sjuke medan andre held seg friske, kva som påverkar helsa vår, og korleis helsa vår påverkar livet. Difor samlar vi opplysningar og biologisk materiale frå mange tusen trøndarar.

Når vi veit meir om levekår og helse vil helsepersonell, folkehelseansvarlege og kvar enkelt av oss ha større moglegheit for å halde seg frisk, eller bli raskare frisk etter sjukdom. Ved å forske på dine helseopplysningar og blodprøvar kan vi:

  • følgje folkehelsa over tid
  • finne ut kva faktorar som fremjar helse og kva som kan forårsake sjukdom
  • finne genetiske årsaker til sjukdom
  • finne ut meir om korleis helse påverkar livsløp
  • forbetre folkehelsa gjennom opplysning til legar, myndigheiter med ansvar for helse og folk generelt
  • bidra til utvikling av nye medisinar
  • bidra til eit sunnare samfunn for alle

Som deltakar i HUNT bidreg du til eit utal forskingsprosjekt og mengder av vitskaplege publikasjonar som gir ny innsikt om helse og sjukdom.

Deltakarane - den viktigaste brikka

Deltakarane i HUNT er den viktigaste brikka i HUNT sin suksess. At så mange har stilt opp frivillig og gitt opplysningar og biologisk materiale er grunnlaget for all HUNT-forsking, og det er heilt unikt i verda. All forsking generert gjennom HUNT har ført til etablering av HUNT forskingssenter med ein toppmoderne biobank, databank, lagringssenter og høgt kvalifiserte tilsette.

Nyhendebrev

Nyhendebrev

2021-2022

2020-2021

Nyhetsbrev HUNT forskningssenter

2017-2019: HUNT4-informasjonsmateriell

2016

bilde med lenke til deltakerbrev 2016

2015

bilde med lenke til deltakerbrev 2015

2014

bilde med lenke til deltakerbrev 2016

2013

bilde med lenke til deltakerbrev 2013

2012

bilde med lenke til deltakerbrev 2012

2010

bilde med lenke til deltakerbrev 2010