Publikasjonsrutiner - Forskning - Helseundersøkelsen i Trøndelag
Publikasjonsrutinar
For å sikre at publisering av forskingsresultat skjer i samsvar med tildelte analysereglar har HUNT forskningssenter utnemnt eit publikasjonsutval. Alle manuskript (artiklar, rapportar, abstracts), unntatt studentoppgåver, skal leggjast fram for dette utvalet FØR innsending til publisering.
Les meir i Retningslinjer for publisering av forskingsresultat som brukar HUNT-data.
Manuskript vert sende per e-post til kontakt@hunt.ntnu.no eller per post til HUNT forskningssenter, Forskingsvegen 2, 7600 Levanger.
Utvalet er særleg merksame på om forfattarane har fylgd reglar for medforfattarskap og avtale om bruk av variablar. Publikasjonane vil ikkje bli godkjende viss dei ikkje er i samsvar med den siste, godkjende publikasjonsplanen.
Meir om omtale av HUNT i publikasjonar finn du på våre engelske nettsider.
Utvalet er ikkje ein referee-instans, og ordninga skal ikkje forsinke publisering i særleg grad. Vanleg handsamingstid er 1-2 veker.
Omtale av HUNT i publikasjonar
Alle publikasjonar som brukar HUNT-data, altså frå HUNT1, HUNT2, HUNT3, HUNT4, HUNT Covid, Ung-HUNT1, Ung-HUNT2, Ung-HUNT3, Ung-HUNT4, tilleggsprosjekt og fase 2-prosjekt, skal omtale følgjande einingar/institusjonar ved skildring av til dømes datagrunnlag eller metode, eventuelt under acknowledgements:
- HUNT forskningssenter
- Fakultet for medisin og helsevitskap, NTNU
- Trøndelag fylkeskommune
- Helse Midt-Norge
- Nasjonalt folkehelseinstitutt (Folkehelseinstituttet)
Det krevst at HUNT blir synleggjort i metodekapittelet og i tittel på publikasjonane ved at nemninga Helseundersøkinga i Trøndelag (HUNT) inngår i tittel (eller undertittel), i metodekapittelet og eventuelt blir oppført som søkeord (keyword).
Norsk: Helseundersøkinga i Trøndelag (HUNT) er eit samarbeidsprosjekt mellom HUNT forskingssenter (Fakultet for medisin og helsevitskap, Norges teknisk-naturvitskaplege universitet NTNU), Trøndelag fylkeskommune, Helse Midt-Norge og Nasjonalt folkehelseinstitutt.
Engelsk: The Trøndelag Health Study (HUNT) is a collaboration between HUNT Research Centre (Faculty of Medicine and Health Sciences, Norwegian University of Science and Technology NTNU), Trøndelag County Council, Central Norway Regional Health Authority, and the Norwegian Institute of Public Health.