ComKin - forskargruppe

ComKin - forskargruppe

oppstilte personer i gruppe. foto

Vi utviklar og nyttar moderne numeriske metodar og eksperimentelle studiar til problemstillingar som oppstår i forbrenningssystem, med eit spesielt fokus på rein og berekraftig energiproduksjon.

Som forskingsgruppe vektlegg vi:

  • Faste fornybare drivstoff frå biomasse til kraftproduksjon.
  • Flytande og gassformige fornybare drivstoff frå biomasse til transportsystem.
  • Nye nullkarbondrivstoff til kraft og transport.

Våre aktivitetar er knytte til anvend forsking, og hovudmålet er å korte ned utviklingstida frå forskingsfasen til industriell bruk eller implementering i verkelegheita. Forskninga utført av gruppa har som mål å gje innsikt i den underliggjande fysikken og grunnleggjande prosessar i forbrenning, samtidig som dei støttar ingeniørbehov for å nytte dei nye drivstoffa i industrien, kommersiell sektor eller privat sektor.

Gruppa si forsking deler seg naturleg i to samanvovne greiner:

  • Forsking på matematiske metodar, som består av utvikling av reaktormodellar, berekningsorientert fluiddynamikk og kinetisk kjemi
  • Eksperimentell aktivitet som består av undersøking av dei grunnleggjande forbrenningseigenskapane til drivstoff i motorar og reaktortesting.

Gruppa har særleg erfaring og kompetanse innan følgjande område: reaktive straumningar, grunnleggjande forbrenning, motor-modellering, drivstofftesting i kompresjonstenning-motorar, høghastigheitsoptiske teknikkar for forbrenningseksperiment, utsleppsforming, utsleppsmålingar, biomasse-til-drivstoff-konverteringsprosessar og gass-fast fase-interaksjonar.

Forskinga er sponsa på ulike nivå av NTNU, Noregs forskingsråd, Nordisk energiforsking, EU og industri.