Kunstprosjekt for NTNU Campussamling

Kunstprosjekt for NTNU Campussamling

Hausten 2024 markerer starten på kunstprosjektet for NTNU Campussamling (2024-2031). KORO – Kunst i offentlege rom står bak kunstprosjektet på NTNU. KORO produserer, forvaltar og formidlar kunst i offentlege bygg og på andre offentlege arenaer.

På denne sida vil du kunne følgje med på alt som skjer i samband med kunstprosjektet. Her vil det bli lagt ut informasjon om kommande arrangement, bilete og anna nyttig informasjon.

Fotograf: Lili Zaneta/KORO

Kuratorteamet

I desember 2023 vart kuratoroppdraget lyst ut, og tre erfarne kuratorar vart valde til å leie arbeidet: Thora Dolven Balke, Marit Kristine Lykken Flåtter og Alexander Eriksson Furunes. Dei har ulik fagleg bakgrunn, men ei felles erfaring innan store, komplekse kunstprosjekt i offentlege rom. Dei har òg ei sterk lokal tilknyting til Trondheim.

Prosjektansvarleg frå KORO er Trond Hugo Haugen, seniorrådgjevar i kunstseksjonen. Han har det overordna ansvaret for framdrifta og skal leggje til rette for kuratorane sitt arbeid, i tillegg til å vere ein rådgjevar og sparringspartnar.

Tidlegare arrangement

Tidlegare arrangement

Behandling i vatn har vore sentralt for personar med kronisk revmatisme i fleire kulturar. Vatnet gjer det lettare å røre seg, bygge styrke og lindre muskelspenning. Likevel stenger ofte norske kommunar basseng, og vedlikehaldet er dårleg. Korleis påverkar tapet av desse romma behandlingstilbodet?

Paviljongsamtalen samla fagfolk og kunstnarar, med innlegg frå Elisabeth T. Swärd, Joachim Sagen og Jon Hagfors. Anna Ulrikke Andersen framførte tekst og filmar om rehabilitering ved revmatisme, og arrangementet vart avslutta med ein samtale mellom Andersen og Trond Lossius.

Arrangementet var del av forskingsprosjektet An Architecture of Chronic Illness (2025–2027), leia av Andersen og støtta av Norsk forskingsråd. Les meir: Paviljongsamtalen: Å vere i vatn. 

Presentasjon på skjerm med folk på stoler som følger med
Elisabeth T. Swärd, Spesialrådgivar Kvinnehelse, Norske Kvinners Sanitetsforening – Om Sanitetsforeningens arbeid for revmatikarar. Fotograf: 
Lili Zaneta/KORO
Anna Ulrikke Andersen og Trond Lossius i samtale med publikum.
Anna Ulrikke Andersen og Trond Lossius, kunstnersamtale om forskingsprosjektet An Architecture of Chronic Illness (2025–27). Fotograf: Lili Zaneta/KORO.

I samband med kunstprosjektets offisielle oppstart vart det invitert til eit ope arrangement i Skiboli for å fortelje om kva som skal skje på Gløshaugen i åra som kjem. Les meir: Vellykka kick-off for nytt kunstprosjekt ved NTNU.

Samtaler rundt bordet laget av studenter ved NTNU i workshop med arkitekt Nao Kono og førsteamanuensis ved Institutt for kontruksjonsteknikk Marcin Luczkowski.
Samtalar rundt bordet laga av studentar ved NTNU i workshop med arkitekt Nao Kono og førsteamanuensis ved Institutt for konstruksjonsteknikk Marcin Luczkowski. Fotograf: Lili Zaneta/KORO. 
Arkitekt Neo Kono, Japan holder presentasjon i Skiboli.
Presentasjon av workshop av arkitekt Nao Kono, Japan. Fotograf: Lili Zaneta/KORO

 

Produksjonsutvalet

Produksjonsutvalet

Kunstprogrammet vert utforma i tett, praktisk samarbeid med produksjonsutvalet gjennom jamlege møte og oppdateringar. Her blir konkrete overordna planar forankra, og det blir delt gjensidig informasjon om det pågåande byggeprosjektet og kunstprosjektet.

Saman med kuratorane og prosjektleiaren består produksjonsutvalet av:

  • Tor Einar Fagerland, Forsking- og utviklingsansvarleg, NTNU
  • Kristin Aasbø, prosjektleiar Helhet, Statsbygg
  • Preben Jensen, arkitekt prosjektgruppen, CF Møller

 

Kva skjer?

Kva skjer?

Her vil det bli oppdatert med kommande arrangement knytt til kunstprosjektet.

Andre KORO-prosjekt ved NTNU

Andre KORO-prosjekt ved NTNU


Norsk havteknologisenter

KORO er også i gang med å utarbeide eit nytt kunstprosjekt for Norsk havteknologisenter, som blir bygd for SINTEF og NTNU på Tyholt i Trondheim. Les meir om kunstprosjektet for Norsk havteknologisenter. 

Helgasetr

Skulptur - mann i rullestol
Alt vel, Elmgreen & Dragset. Fotograf: Daniel Hygstedt Hansen. 

Den dansk-norske og internasjonale kunstnarduoen Elmgreen & Dragset har laga eit heilt nytt kunstverk spesielt for NTNU Helgasetr. Studentar og tilsette på sosial- og helsefag møter eit stadsspesifikt kunstverk som inviterer til refleksjon rundt menneskeverd, alderdom og sårbarheit i vår tid. Les meir om kunstprosjektet for Helgasetr.