Organisering Campussamling
Organisering NTNU Campussamling
OBS! Denne siden er under arbeid.
Kunnskapsdepartementet er prosjekteigar for NTNU Campussamling, på vegner av regjeringa. Statsbygg er byggherre og har ansvaret for vidare prosjektutvikling og gjennomføring av byggeprosjektet etter oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.
NTNUs arbeid med campussamling er organisert ved at NTNU leiar eit mottaksprosjekt. Arbeidet skjer tett opp mot Statsbyggs bygge- og brukarutstyrsprosjekt, i ein felles prosjektorganisasjon. NTNU er eigar, forvaltar og brukar av ein samla campus og skal sikre at universitetet sine behov blir ivareteke i prosjektet.
Mottaksprosjektet vert styrt av NTNUs leiing og prosjektdirektør ved Eining for campussamling, Harald Bjørlykke.
Organisering i gjennomføringsfasen
Ved NTNU er mottaksprosjektet organisert med eit overordna prosjektstyre og styringsgrupper for kvart delprosjekt. Denne organiseringa speglar Statsbyggs prosjektorganisering for gjennomføring av byggeprosjektet. Samstundes reflekterer prosjektorganiseringa nivåa i NTNUs organisasjon, med besluttande nivå både på nivå 1 og 2, slik det er vist i figuren under.
Figur: Organisering i NTNU Campussamling og styringslinjene for prosjektet. Prosjektstyret leier NTNU Campussamling, mottaksprosjektet, på vegner av NTNU. Den blå boksen representerer heile mottaksprosjektet for NTNU Campussamling. Klikk på biletet for å sjå det større.
Prosjektgruppa for Campussamling ved NTNU:
- Prosjektleiar: Arild Bjerkan
- Fagansvarleg plan og byggesak: Sigbjørn Lorås Hessaa
- Kvalitetsleiar bygg: Elisabeth Lægdheim
- Fagansvarleg framdrift: Kari Cecilie Aftret
- Fagansvarleg programmering: Eva Helene Haanæs
- Kommunikasjonsansvarleg: Janne S. Almhjell
- Fagressurs kommunikasjon: Anette Bersås
- Fagansvarleg brukarinvolvering: Kjersti Bjørkeng Størdal
- Fagressurs burkarinvolvering: Karen Engen Økland
NTNU har oppretta eit prosjektstyre for gjennomføringsfasen i Campussamling, for å sikre effektive avgjerder i prosjektet. Prosjektstyret har eit overordna ansvar for at NTNUs verksemdsutvikling legg premissar og rammer for byggeprosjektets utvikling.
Prosjektstyret vert leia av prorektor for utdanning, og består av fire direkte berørte dekanar (HF, NV, SU, ØK), eigedomsdirektør, prosjektfagleg ressurs, og ein solid representasjon frå studentar, tillitsvalde og vernelinja.
Prosjektdirektør for campusutvikling rapporterer til leiar av prosjektstyret og er saksførebuande sekretær for prosjektstyret. Prosjektdirektør har eit spesielt ansvar for å sikre naudsynt samspel mellom prosjektet og øvrige delar av NTNUs verksemd. Prosjektleiaren for NTNU Campussamling har ansvaret for at prosjektstyrets føringar blir operasjonaliserte i prosjektgjennomføringa.
Mandat for prosjektstyret inneber ulike roller ovanfor NTNU og ovanfor byggeprosjektet.
NTNUs prosjektstyre består av:
Leder, prorektor for utdanning: Marit Reitan
Medlem, dekan SU: Tine Arntzen Hestbek
Medlem, dekan ØK: Monica Rolfsen
Medlem, dekan HF: Anne Kristine Børresen
Medlem, dekan NV: Øyvind Weiby Gregersen
Medlem, Eiendomsdirektør: Frank Arntsen
Medlem, vitenskapelig kompetanse på prosjektstyring: Ole Jonny Klakegg
Medlem, representant for vernelinja: Heidi Camilla Egseth
Medlem, representant for arbeidstakerorganisasjonene: Patric Wallin
Medlem, representant for arbeidstakerorganisasjonene: Øystein Moen
Medlem, studentrepresentant, leder for Velferdstinget: Øystein Fruseth Christiansen
Medlem, studentrepresentant, nestleder for Studenttinget: Ingrid Darell Holm
Prosjektet deles inn i syv delprosjekter. Det blir opprettet styringsgrupper for hvert delprosjekt.
Delprosjektenes styringsgrupper har som hovedoppgave å sørge for at NTNUs virksomhetsutvikling legger premisser og rammer for delprosjektets utvikling, slik at utviklingen av delprosjektet går i takt med utviklingen av virksomheten.
Mandat for delprosjektets styringsgruppe inneber ulike roller ovanfor NTNU og ovanfor byggeprosjektet.
Styringsgrupper for delprosjekta P0 (Infrastruktur og landskap), P1 (Økonomi og innovasjon) og P2 (Materialteknologi) er operative.