Frå Telemark til Wisconsin – Om å omsette ord om kjærleik
På tide med eit lite Aslaug Vaa-jubileum! 25. august er det 130 år sidan forfattaren Aslaug Vaa vart fødd i 1889 i Rauland i Telemark.
I høve dagen feirar vi med eit dikt frå spesialsamlingane våre.
Vaa er mest kjend som lyrikar, men ho skreiv og skodespel, essay, avisartiklar og omsettingar. Den fyrste diktsamlinga hennar, Nord i leite, kom i 1934. I dikta sine skriv Vaa om dei nære, handfaste tinga, om furua og kornet, om stiar og om steinar, men og om dei store, om draumar, om lengt, om kjærleik. Ho skriv så nært på naturen, og så nært på naturen i menneske. Skrivemålet til Vaa liknar telemarksmålet hennar, og ho bruka lokale ord og uttrykk. Men korleis omsett ein dette? Kva ord skal ein bruke om naturen, om kjærleiken, om hugen? Døme på dette kan vi sjå i Gunnerusbiblioteket si manuskriptsamling. Her har vi fleire av dikta til Vaa omsett av Einar Haugen. Einar Haugen (1906-1994) var ein kjend norskamerikansk språkforskar, mellom anna kjend for Haugens norsk-engelske ordbøker og forskinga si på Oppdalsmålet. Desse dikta er trykka på brevpapir frå The University of Wisconsin, der Haugen var fram til 1964. Da vart han professor ved Harvard University. I denne vesle manuskriptsamlinga kan ein sjå ulike versjonar av Vaas dikt, og ein kan sjå noko av den prosessen Haugen har vore i og kva slags val han har tatt, og endra på, i omsettingsarbeidet.
«Letter on a Bat’s Wing» or «Winged letter»?
Dømet valt her er «Skinnvengbrev» frå Nord i leite (skinnveng = flaggermus). Her er to versjonar frå Einar Haugen, «Letter On a Bat’s Wing», og «Winged Letter». Vaas originaldikt ligg nedanfor. I «Skinnvengbrev« kan ein sjå frykta for å bli forlaten, smerta i tanken på at den ein vil ha ikkje vil ha ein, og den store gleda i å sjå at han vil. Alt dette spegla i naturbilete. I «Letter on a Bat’s Wing» ser ein Haugens utstrykingar og endringar i teksten. Det ser ut til at «Winged Letter» er ein seinare versjon, da den har fleire av dei endringane Haugen har notert i «Letter on a Bat’s Wing». Utfordringa her er å finne dei rette orda for å skildre stemning og innhald, men på same tid ta omsyn til rim og rytme i originaldiktet.
Om ein samanliknar desse to versjonane er sjølvsagt endringa i tittel noko ein legg merke til. Vaas tittel, «Skinnvengbrev», er så kort, berre eitt (samansett) ord, berre tre stavingar. Men om ein vil få med heile meininga på engelsk må ein bruke fleire ord, som i versjonen med «Letter on a Bat’s Wing». Ein ser at versjonen med «Winged letter» er lettare, og på den måten likare originaltittelen, men på same tid får ein med fokuset på vengane, men mister dimensjonen med sjølve dyret, skinnvengen. Elles kan ein sjå mykje av Haugens arbeid med å få rim, rytme og flyt til å gå opp. Eit grep han gjer for å få rima til å gå opp kan vi sjå i fyrste og andre linje, andre vers. Der Vaa rimar på «venta» og «henta», har Haugen lagt inn eit «that we’d go riding» for å få det til å rime på «biding». Elles kan ein sjå at han prøver ut ulike ordval. Til dømes i siste del, kor Vaa skriv «- det var så stilt og det brusa i liv» har han både bruka «- so quiet here, and such pulsing life» og «–So still it was, and such throbbing life». Dokumenta viser og at Haugen har skrive to ulike titlar på sjølve diktsamlinga Nord i leite: Hills to the North og In northern hills.
Dette er berre eit lite døme på korleis ein kan sjå prosessen til ein omsettar eller gjendiktar i papira han etterlet seg. Gunnerusbiblioteket har manuskriptsamlingar og boksamlingar etter fleire norske forfattarar, som kan vere interessante kjelder i undersøkingar av forfattarskap, forfattarar, og prosessen deira. Dorabiblioteket har arkivet etter Einar Haugen, og fleire hundre andre privatarkiv. Desse kan brukast som kjelder for undersøkingar i mange ulike fagretningar.
Og heilt til slutt: Ei hjarteleg anbefaling om å lese Aslaug Vaa! (Bøkene hennar finn ein nemleg og hos universitetsbiblioteka).
Kjelder:
Nytt norsk forfatterleksikon, Vaa, Aslaug, Gyldendal Norsk Forlag, Oslo 1971
Gulliksen, Øyvind T.. (2009, 13. februar). Einar Haugen. I Norsk biografisk leksikon. Hentet 21. august 2019 fra https://nbl.snl.no/Einar_Haugen
Rottem, Øystein. (2009, 13. februar). Aslaug Vaa. I Norsk biografisk leksikon. Hentet 21. august 2019 fra https://nbl.snl.no/Aslaug_Vaa
Vaa, Aslaug, Nord i leite, Gyldendal Norsk Forlag, Oslo 1934
Vaa, Aslaug, 1889-1965, [Dikt] [manuskript]. 1935. – [11] bl., Dikter fra Nord i leite, oversatt til engelsk av Einar Haugen. 1 05a079925- kat 2005-08-29 GUNNERUS XA Fol. 787