Categories
Ukategorisert

Ny artikkel om Inger Hagerup og berekraftig litteraturdidaktikk

I siste nummer av Nordlit har Per Esben ein artikkel om korleis berekraftig litteraturdidaktikk kan tenkjast som form- framfor innhaldsorientert. Drøftinga byggjer på ei lesing av diktet «Kvelden lister seg på tå» av Inger Hagerup.

Frå abstractet:

Med utgangspunkt i Inger Hagerups dikt «Kvelden lister seg på tå» utforskar artikkelen moglegheitene for ein berekraftig litteraturdidaktikk som legg vekt på kompleksitet og uhygge. Teoretisk lener artikkelen seg på omgrepet «det sublime» slik det blir definert av Immanuel Kant og utlagt av den økologiske tenkaren Timothy Morton. Vidare byggjer lesinga av diktet på teori om lyrikk som affektiv form og på dei hermeneutiske implikasjonane av Kristin Hallbergs ikonotekstomgrep. Desse tilnærmingane framhevar spennet mellom det trygge og det uhyggjelege i diktet, og artikkelen utforskar korleis lyrikk for born kan stimulere evna til å dvele ved kompleksitet og det uavklåra. Slik kan litteraturdidaktikken byggje opp under ein berekraftig, audmjuk veikskap overfor omverda.

Artikkelen kan lesast ved å klikke her.

Categories
Ukategorisert

Nye artiklar

Prosjektleiar Myren-Svelstad har nyleg publisert to artiklar; den eine om berekraftig litteraturdidaktikk, den andre er ei økokritisk lesing av barnelitteratur.

Artikkelen Sustainable Literary Competence: Connecting Literature Education to Education for Sustainability er del av spesialnummeret «Opening the Ecological Text» i tidsskriftet Humanities. Artikkelen drøftar kritisk antakingar om samanhengen mellom berekraftskompetanse og litterær lesing, og føreslår ein ny måte å tenkje om litteraturundervisningas rolle på.

Artikkelen Ting som er for store og ting som er for små: Økologisk tenkning i Ruth Lillegravens Eg er eg er eg er kan lesast i Barnelitterært forskningstidsskrift. Artikkelen analyserer Lillegravens diktsamling for born, med vekt på korleis dikta overfører økologiske problemstillingar ned på eit forståeleg, mellommenneskeleg nivå.

Categories
Ukategorisert

Stipendiatstilling

LKB-prosjektet lyser no ut ei stipendiatstilling med søknadsfrist 15. november: https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/193607/stipendiat-i-norskdidaktikk.