Korleis tileigner små barn seg morsmålet sitt? Og korleis veks barna til og blir vaksne språkbrukarar som veit kva som er grammatisk og ikkje i dette språket, utan at dei lærer det på skulen? Dette er heilt sentrale spørsmål innanfor språkvitskapen. I forskinga mi prøver eg å kome ein millimeter nærare løysinga ved å bruke barnebok-karakterane Karsten og Petra.

Mange språklege aspekt er lette for barn å tileigne seg, og før dei kan å knyte skoa sine, kan barn seie noko om kva dei vil, «Nei æ vil ikke ha på den no». Dei kan stille spørsmål, «Har du vært i Heggstadmoen?’», og forklare kva dei tenkjer på, «Kor e larvepuslespillet, tenke æ på».

Andre sider ved språket er vanskelegare, og sjølv når barn er 5-6 år seier dei slikt som `Der er gutten som liker ikkje saft’. Legg du merke til det? Det er ein liten detalj barna strever med å få riktig: `Gutten som liker ikkje saft’. Denne ordstillinga bruker ikkje vi vaksne. Vi seier kanskje heller ikkje `Jenta er glad for at ho fekk ikkje fisk til middag’. Det gjer barna.

Det interessante fenomenet i desse setningane er plasseringa av negasjonsordet `ikkje’ i leddsetningar. Sjølv om det høyrest utruleg snevert ut, kan måten barn gjer dette på seie oss mykje om korleis språkinnlæringsevna fungerer.

Språktest med stipendiat Tina Ringstad og jente (5). De ser sammen på ipad og bilder.

Karsten og Petra til unnsetning

Eg har dratt rundt i barnehagar og skolar dei siste åra for å lokke barna til å seie leddsetningar med negasjonsordet ikkje. Eg har hatt med nøye utarbeidde historier om Karsten og Petra, og grundig utarbeidde oppfølgingsspørsmål til desse historiene. Til dømes har eg spurt: `Kva var Karsten glad for?’, `Kva sa Løveungen?’ og `Kva såg Petra?’. Og barna har svart meg: `Han var glad for at han mista ikkje skjellet sitt’, `Løveungen sa at han liker ikkje gulrot’, men også `Petra såg at morfaren ikkje drakk kaffi’.

 Kva kan desse svara seie oss som er så spennande? Å finne eit mønster i svara til barna kan fortelje oss korleis barn lagar hypotesar om språket dei høyrer rundt seg. I tillegg kan ein få litt gåsehud av å tenkje på at i dette særdeles spesifikke språkfenomenet, plasseringa av negasjonsord i leddsetningar, gjer norske barn den same `feilen’! Barna har ikkje fleire måtar å gjere dette ulikt vaksne på. Dei gjer det alle på same måte. Eg er ganske sikker på at femti barn rundt omkring i fylket ikkje har prata seg i mellom om at dei vil gjere det på denne måten. Dette fortel oss at det er noko i den medfødde språkinnlæringsmekanismen som er ansvarleg.

Eg ser etter om barna har problem med å plassere negasjonsordet som vi vaksne gjer det i alle samanhengar eller berre av og til. Gjer dei det oftare vaksenlikt viss setninga inneheld ein spesifikk verbtype? Eller er det skilnad på korleis dei gjer det i ulike leddsetningstypar? Kanskje det speler ei rolle om informasjonen i setninga er ny eller kjend frå før? Finn vi gode svar på dette, kjem vi nærare ei forståing av korleis språkinnlæringsmekanismen lager mønster, eller hypotesar. Det skjer altså ikkje bevisst, men denne mekanismen gjer jobben for oss, medan vi er opptatte med å lære å knyte sko, eller andre viktige oppgåver.

Ja takk, begge delar-stadiet: på veg til vaksenspråk

Ei like viktig oppgåve som å kartleggje når og korleis barn har språkproduksjon som ikkje er vaksenlik, er å prøve å forklare korleis barna går frå å seie `Gutten som liker ikkje saft’ til `Gutten som ikkje liker saft’. Det er ikkje slik at foreldre eller andre vaksne går og påpeiker at dette er feil, for eksempel. Den enklaste forklaringa er da kanskje å rekne med at barna høyrer den `riktige’ ordstillinga mange nok gongar, og byrjar å bruke den i staden for `barneordstillinga’ si. Men litt meir komplekst enn dette er det nok. For på eit visst stadium brukar barna begge desse ordstillingane om kvarandre!

Dette stadiet er utruleg spennande! Det gir oss innsikt i kva mekanisme som kan vere i spel når barnet `veit’ kva som er den vaksenlike forma av eit språkleg fenomen, men likevel held fast på å bruke si eiga barneform ei god stund til.

Eg skal ikkje avslutte dette innlegget med å gi eit svar på korleis den mykje omtalte språkinnlæringsmekanismen fungerer. Eg skal nok heller ikkje avslutte doktorgradsarbeidet mitt med å komme til ein konklusjon på det. Men eg har forsøkt å vise korleis `feil’ barn gjer når dei tileignar seg språk er utruleg viktig for å drive forsking på språkevna framover, og at tilsynelatande små, sære språkfenomen som negasjonsplassering i leddsetningar på norsk kan bidra til å seie noko generelt om korleis vi tileignar oss språk – og det, det synest eg at er ikkje så verst.

PS: Kanskje kjenner du ein liten språkbrukar? Då kan det jo hende du har gleda av å observere dette fenomenet i levande live! Det er ganske sannsynleg at han/ho på eit tidspunkt vil snakke om ”Den barnehagelæraren som lar oss ikkje få lov til noko”, eller at han/ho er ”så glad for at eg har ikkje øydelagt dokka mi”.

Sitata i starten av teksten er henta frå Tina Louise Ringstad si masteroppgåve «Byggeklossar i barnespråk. Om tre norske born si tileigning av funksjonelle kategoriar (2014)». Dei kjem frå Tuva, 2 år og 3 mnd, Ylva, 2 år og 4 mnd og Idun, 2 år og 7 mnd.

Portrettfoto av Tina Louise Ringstad
Tina Louise Ringstad
Stipendiat ved NTNU | Nettside

Tina L. Ringstad er stipendiat i språkvitskap ved Institutt for språk og litteratur. Ho er utdanna master i nordisk språk ved NTNU, der ho skreiv avhandlinga "Byggeklossar i barnespråk. Om tre norske born si tileigning av funksjonelle kategoriar".