I starten av november kom Stortingsmelding 8 (2022-2023), Menneskerettar for personar med utviklingshemming – Det handlar om å bli høyrt og sett. Eit mål for meldinga er samordna og koordinerte tenester og tiltak for personar med utviklingshemming. Hovudbodskapen er at menneske med utviklingshemming skal ha dei same rettane og moglegheitene som alle andre, dei skal ha moglegheit til å delta i samfunnet på like vilkår utan diskriminerande barrierar.

Dette er ei viktig melding for alle oss i habiliteringsfeltet. Meldinga er laga i samarbeid med organisasjonar i feltet og fleire departement. Meldinga tar for seg mange rettigheitsområde og skal brukast som ein plattform for framtidas politikk. Samordna og koordinerte tenester og tiltak for personar med utviklingshemming er eit mål, og regjeringa understrekar at dei ynskjer å føra ein aktiv politikk for å styrke likestillinga i Norge, og at det også gjeld personar med utviklingshemming.

Auka kompetanse med e-læring

I del 3, Menneskerettar i praksis, kapittel 5 Retten til personleg assistanse les vi ei beskriving av situasjonen i dag. I utfordringsbilete nemnast under pkt. 5.2.3 Mangelfull kompetanse i tenestane som ei av fire hovudutfordringar. Låg kompetanse i kommunale tenester er ei utfordring, med mangel på høgskoleutdanna personell og mangel på planmessig opplæring av tilsette. I spesialisthelsetenesta er det også mangelfull kapasitet og kompetanse.

Her ser vi at Regionalt kunnskapssenter for habilitering (RHAB) har mykje å bidra med. Vi har utvikla e-læringskursa Kunnskapsbasert habilitering, som vil vere viktige for å auke kompetansen i dei kommunale tenestene og i spesialisthelsetenestene.

logo_Kunnskapsbasert habilitering i kommunen

Vi tilbyr Kunnskapsbasert habilitering, eit nettstudium med studiepoeng. I tillegg tilbyr vi e-læringskurset Kunnskapsbasert habilitering i kommunen, eit gratis kurs for dei som allereie er tilsett i tenestene. Ei vidareutvikling av kursa vil vere aktuelt, saman med anna kompetansehevande aktivitetar og tiltak frå oss. I pkt. 5.3.3 Rett og tilstrekkeleg kompetanse, nemnast ulike innsatsar, som Kompetanseløft 2023, og andre tiltak for styrking av kapasitet og kompetanse i spesialisthelsetenestene. I samarbeid med Nasjonalt kompetansemiljø om utviklingshemming (NAKU) og andre aktørar vil vi i RHAB vere med i felles arbeid om gode tilbod for å auke kompetansen. Begge dei to fagmiljøa NAKU og RHAB er del av Institutt for psykisk helse ved Fakultet for medisin og helsevitenskap, NTNU​​​​​​​.

I meldinga er også ein nasjonal brukar – og pårørande undersøking beskrevet som et tiltak for å styrkje medverknad og innverknad, eit mål for regjeringa under 5.3 Innsatsar og tiltak. RHAB har sia oppstarten vore engasjert i arbeid med å få til brukarundersøking i Habilieringstenestane, både i samarbeid nasjonalt og med avdelingar i Midt-Norge. At det no vil bli satsa på også frå regjeringa, vil gjere at ein vil kunne koma i mål med dette arbeidet.

Elles er det svært mange andre område og tiltak som takast opp i Stortingsmeldinga. Ho er verd å lesa og setja seg inn i, då ho gjev viktige retningar for vidare satsingar. Vi i RHAB Midt-Norge vil følje opp meldinga vidare der det fell naturleg for oss, og set pris på at meldinga tek opp mykje av det vi allereie er opptatt av.

Hege Ramsøy-Halle
Universitetslektor at NTNU Institutt for psykisk helse | Profilside NTNU | + posts

Fagrådgiver for Regionalt fagmiljø for autisme, ADHD og Tourettes syndrom (RFM). Hege arbeider for økt kunnskap om habilitering og er opptatt av å utvikle god nettbasert undervisning og e-læring.